Lærling energioperatør
SASFE ASDatasettet bak annonsen· 74 447 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 74 447 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 469 aktive nå, 33 051 arbeidsgivere og 148 022 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
SFE er ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Kvar dag jobbar vi for å sikre trygg og stabil kraftproduksjon frå våre vind- og vasskraftverk, og vi treng dyktige fagfolk også i framtida.
Vi er godkjend lærebedrift innan energioperatørfaget og tek kvart år inn nye lærlingar ved kraftverka våre. No søkjer vi deg som ønskjer ei spennande læretid i ei framtidsretta næring.
Kva jobbar ein energioperatør med?
Som energioperatør er du med på å overvake, drifte, vedlikehalde og utvikle anlegg som produserer fornybar energi. Du får arbeide med avansert teknologi, mekaniske og elektriske installasjonar, feilsøking og vedlikehald av kraftverk og tekniske anlegg.
Gjennom læretida får du varierte arbeidsoppgåver ute i anlegga våre i tett samarbeid med erfarne fagarbeidarar og ingeniørar.
Som lærling i SFE får du
opplæring i tråd med læreplanen for energioperatørfaget
tett oppfølging frå fagleg leiar og instruktørar
erfaring frå drift, vedlikehald og prosjekt i våre kraftverk
arbeide med moderne teknologi og kritisk infrastruktur
vere ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
gode velferdsordningar
Vi ser etter deg som er nysgjerrig og har interesse for teknologi og energi, likar praktisk arbeid og å bruke både hovud og hender, er løysingsorientert og ansvarsbevisst, samarbeider godt med andre, og som sjølvsagt har eit stort fokus på tryggleik og ønskjer å bidra til eit godt HMS-miljø
Kvifor velje SFE?
I SFE får du jobbe med straumproduksjon - som er avgjerande for samfunnet vi lev i. Arbeidet du gjer som lærling er ein viktig del av verdikjeda.
Vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt, det sterke fokuset på HMS og den faglege kompetansen i organisasjonen. Hos oss blir du teken på alvor, får ansvar undervegs og gode moglegheiter til utvikling.
Som lærling i energioperatørfaget kan du ha oppmøtestad i Ålfoten eller i Svelgen, begge i Bremanger kommune.
Vil du starte karrieren din i fornybarnæringa? Då håpar vi å høyre frå deg.
For spørsmål ta kontakt med leiar kraftverksdrift Jens Gule på telefon [phone].
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 17. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 17. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.