Vaktmeister 100% fast stilling

ABAUSTEVOLL KOMMUNE BARNEVERN
STOREBØFast Publisert 2 dager sidenFrist 06. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
LønnAnslått 40 581 kr – 59 975 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 16. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 74 439 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Yrke1
Vaktmeister 100% fast stilling · 1 aktive nå
Arbeidsgiver11
AUSTEVOLL KOMMUNE BARNEVERN · 1 aktive nå

Hele basen: 74 439 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 463 aktive nå, 33 048 arbeidsgivere og 148 001 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Om stillinga

Austevoll kommune søker ein engasjert og løysingsorientert vaktmeister til 100 % fast stilling i avdeling for drift og vedlikehald. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til Storebø skule, men du vil òg vere ein del av kommunen sitt samla driftsteam. Det må difor påreknast oppgåver ved andre kommunale bygg og eigedomar, mellom anna ved Austevollbadet, etter behov.

På Storebø skule vil du vere ein viktig del av kvardagen til både elevar og tilsette, og bidra til at dei har trygge, trivelege og velfungerande lokale.

Som vaktmeister hos oss får du ein variert arbeidskvardag med både sjølvstendige oppgåver og samarbeid med gode kollegaer. Vi nyttar FDV-systemet Famac til å planlegge, registrere og følge opp arbeidsoppgåver. Du vil få nødvendig opplæring og støtte til å strukturere arbeidsdagen, etablere gode rutinar og prioritere oppgåvene dine.

Vi ser etter deg som trivst med praktisk arbeid, tek ansvar og likar å finne gode løysingar. Du treng ikkje kunne alt frå før – det viktigaste er at du har relevant erfaring eller kompetanse, er lærevillig og har lyst til å bidra.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

    Dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av kommunale bygg, med hovudvekt på Storebø skule.Utføre mindre reparasjonar, praktiske handverksoppgåver og løpande vedlikehald.Følge opp tekniske anlegg, mellom anna ventilasjon, varme og andre bygningsinstallasjonar.Utføre brannvernkontrollar og anna systematisk tilsyn etter etablerte rutinar.Drift og vedlikehald av uteområde, inkludert sesongbaserte oppgåver.Registrere og følge opp arbeidsoppgåver, feil og manglar i Famac.Samarbeide med tilsette, brukarar av bygga, kollegaer og eksterne leverandørar.

Arbeidsoppgåvene kan variere etter behov, og du vil få høve til å bidra med din eigen kompetanse og erfaring.

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

Vi ønsker gjerne at du har:

    Fagbrev innan byggdrift, handverksfag, tekniske fag eller annan relevant utdanningPraktisk erfaring frå drift, vedlikehald, handverksarbeid eller tilsvarandeGrunnleggande digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk digitale arbeidsverktøyGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

    Førarkort klasse B

    Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

    Erfaring med tekniske anlegg, SD-anlegg eller FDV-system er ein fordel, men ikkje eit krav. Du vil få opplæring i systema og rutinane vi nyttar.

    Vi veit at kompetanse kan byggast på ulike måtar, og oppmodar deg til å søke sjølv om du ikkje kjenner deg att i alle punkta ovanfor.

    For stillinga vil det bli kravd framlegging av politiattest før tilsetting, i samsvar med gjeldande regelverk.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

    Er praktisk anlagd og likar å finne løysingarArbeider sjølvstendig, strukturert og tek ansvar for eigne oppgåverEr serviceinnstilt og samarbeider godt med andreEr fleksibel og trivst med ein arbeidskvardag der oppgåvene kan variereEr positiv til å lære nye ting og utvikle eigen kompetanse

Personlege eigenskapar vil bli tillagde vekt.

Vi tilbyr

    Ei fast stilling med varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåverEin arbeidskvardag der du får arbeide både sjølvstendig og saman med erfarne kollegaerEit godt og inkluderande arbeidsmiljø i ei avdeling som er i utviklingGod opplæring og støtte til å etablere struktur, rutinar og gode arbeidsmetodarMoglegheit for fagleg utviklingLøn etter avtale og gjeldande tariffavtaleGode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

Er du usikker på om du har den rette bakgrunnen?

Vi er opptekne av å finne den rette personen, ikkje nødvendigvis den som kan krysse av på flest kvalifikasjonar. Har du praktisk erfaring, god arbeidslyst og interesse for drift og vedlikehald av bygg, vil vi gjerne høyre frå deg.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga.

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 16. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 16. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverABAUSTEVOLL KOMMUNE BARNEVERN11 stillinger i databasen