Lærar i sal, service og reiseliv

SVSotra vidaregåande skule
STRAUMEVikariat Publisert 18 t sidenFrist 30. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet62/100Hvordan?
LønnAnslått 38 530 kr – 53 674 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 16. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 74 395 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 74 395 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 867 aktive nå, 33 035 arbeidsgivere og 147 657 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.

Vi søkjer etter ein lærar i sal, service og reiseliv i inntil 100% vikariat, frå 25.10.26 til 31.07.27. Stillingstørrelse avtalast nærmare.

Arbeidsoppgåver

    Undervisning innan programområdet Sal, service og reiseliv Vg1, Vg2
    Kurs og vaksenopplæring kan bli aktuelt.
    Praktisk og teoretisk undervisning.
    Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
    Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega,  og skuleleiing.
    Halde seg informert om utvikling i bransjen.
    Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar.
    Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få læreplass.

Kvalifikasjonar

    Fagbrev og arbeidserfaring i eit eller fleire av faga i programområdet.
    Alternativt høgare utdanning innan sal eller reiseliv.
    2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
    Praksis frå bransjen.
    Erfaring med oppfølging av lærlingar vil være eit føremon.
    2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
    Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
    Må kunne kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
    Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.

Personlege eigenskapar

    Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
    Du har stort engasjement for faget.
    Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
    Du er fleksibel og ser moglegheiter.
    Du har gode samarbeidsevner.
    Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
    Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

    Løn etter kvalifikasjonar.
    Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
    Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
    Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
    Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
    Trimgrupper for tilsette. 

Andre opplysningar

Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som  yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.

Kontaktinformasjon

Line Therese Gaska, avdelingsleiar, 91363756Erik Henneli, assisterande rektor, 95826077Olav Lee, rektor                        , 93034370

Arbeidsstad

Branndalsmyra 615353 Straume

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 99%VikarStartdato: 23.11.2026Sluttdato: 31.07.2027Søknadsfrist: 30.10.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 16. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 16. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverSVSotra vidaregåande skule9 stillinger i databasen