Senioringeniør (ATK-medarbeider)

TSTEKNA STATENS VEGVESEN
DRAMMENFast Publisert 15 t sidenFrist 06. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
LønnAnslått 42 181 kr – 59 155 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 16. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 74 269 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 74 269 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 857 aktive nå, 33 001 arbeidsgivere og 147 332 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Om stillinga

Automatisk trafikkontroll (ATK) er eit viktig verkemiddel for å redusere ulykker og bidra til tryggare trafikk på norske vegar. No søkjer vi ein IT/OT-spesialist som vil vere med og vidareutvikle fagområdet og sikre robuste, sikre og framtidsretta løysingar.

Kjenner du deg igjen i skjeringspunktet mellom teknologi, drift, tryggleik og samfunnsoppdrag? Synest du det er spennande å sjå samanhengen mellom system, dataflyt, infrastruktur og teknologi ute i felt? Då kan dette vere arbeidsområdet for deg.

Du blir ein del av ATK-seksjonen i Trafikksikkerhetsavdelingen, der du vil bidra til å utvikle og forvalte nasjonale løysingar som har direkte betydning for trafikktryggleiken i Noreg. Rolla kombinerer teknologiforståing, fagutvikling, leverandørdialog og strategisk arbeid, og gir gode høve til å påverke utviklinga av eit viktig nasjonalt fagområde.

Arbeidsoppgåver

Som Senioringeniør (ATK-medarbeider) med hovudfokus på IT/OT-løysingar vil du bidra til forvaltning, koordinering og vidareutvikling av den nasjonale ATK-porteføljen.

Du vil mellom anna få jobbe med å;

    etablere og halde ei heilskapleg oversikt over ATK-landskapet ved like innan IT og OT, inkludert arkitektur, integrasjonar og dataflytbidra til at teknologi, system og prosessar fungerer godt saman, og vere fagleg premissgivar for tekniske retningar, standardar og prinsippsamarbeide med arkitekturmiljø, IT-drift og andre fagområde om teknologival, overvaking, hendingshandtering og endringsarbeidvurdere nye løysingar, integrasjonar og teknologiske utviklingsmoglegheiter og dessutan identifisere tekniske risikoar og forbetringstiltakfølgje opp leverandørar, avtalar og kontraktar og bidra i anskaffingar gjennom kravarbeid, evaluering og tekniske vurderingaromsetje faglege behov til tekniske krav og bidra i utviklingsarbeid og prioriteringargjennomføre opplæring og bidra til kompetanse- og fagutvikling i seksjonen

I det daglege vil du samarbeide tett med fagpersonar innan trafikktryggleik, IT, arkitektur, drift, leverandørmiljø og andre interne og eksterne samarbeidspartnarar.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

    Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstiderGod pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lånTrening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetarFagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanningSom ansatt får du tilgang til nærmere 50
    utleieobjekter i hele landet
    Vi jobber aktivt gjennom IA-avtalen for å skape en helsefremmendeog inkluderende arbeidsplass for alle ansatteMeir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

    minimum tre års utdanning frå universitet eller høgskule innan eksempelvis IT, elektronikk, automasjon, industriell IT eller tilsvarande fagområdegod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskerfaring med OT-system, gjerne knytt til sensorar, kamera eller annan industriell teknologierfaring med integrasjonar og API-baserte dataflytarGod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, då det er arbeidsspråket vårt
     

Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.

Det er i tillegg ønskjeleg at du har:

    kjennskap til industriell IT, Iot-løysingar og teknologi i felterfaring frå prosjektarbeid, prosjektstyring og teknisk leverandøroppfølgingkompetanse innan IT/OT-tryggleik, risikoanalyse og personvernerfaring med teknisk og juridisk dokumentasjon, kontraktsdialog og kvalitetssikringerfaring med kritisk infrastruktur og forståing for nettverks- og tryggingsløysingar

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR:  Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir

Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.

Personlege eigenskapar

For å lykkast i rolla trur vi at du:

    evner å sjå heilskapen samtidig som du har merksemd på detaljararbeider strukturert og systematisk med komplekse problemstillingarhar gode samarbeidsevner og byggjer tillit på tvers av fagmiljøkommuniserer tekniske problemstillingar på ein forståeleg måtetek initiativ, prioriterer godt og gjennomfører utviklings- og forbetringsarbeid

Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.

Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 16. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 16. okt. 2026.

1 endring i 4 øyeblikksbilder.

  • 16. okt. 2026
    • Lokasjon endretMOLDEDRAMMEN

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverTSTEKNA STATENS VEGVESEN27 stillinger i databasen