Barnehagelærarstudent

VIVestly idrettsbarnehage, Time kommune
LYEFast Publisert 17 t sidenFrist 08. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet60/100Hvordan?
LønnAnslått 42 181 kr – 59 155 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 16. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 74 385 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 74 385 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 863 aktive nå, 33 033 arbeidsgivere og 147 610 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vestly idrettsbarnehage har ledig fast 40% stilling til barnehagelærarstudent med snarast mogleg oppstart. Me ynskjer ein student som er ferdig med fyrste året og som har erfaring frå stor barnehage.I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.Vestly idrettsbarnehage er ein 10-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter som ligg midt mellom Bryne og Lye. Me er den største barnehagen på Jæren med ein kapasitet til 180 barn, som likevel gjev tryggleik og mestring til alle barna her. Barnehagen er ein stor moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom, gymsal, eiga personalavdeling og uteområde som kan delast i 3. Me har eigen minibuss som vert nytta kvar dag til ulike destinasjonar for barn over 3 år, samt elsyklar som vert nytta til turar i nærområdet. Me har eigen kokk som lagar varm lunsj, samt havregrynsgrøt til frukost og heimelaga brød til fruktmåltidet kvar dag.Barnehagen har fleire fellesdagar der alle barn og vaksne deltek, og fokuset er på inkludering, meistring, rørsle og gøy. Me er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi, Stine Sofie stiftelsen sitt kompetanseløft og ASK. Me er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga ved UIS samt lærlingplass for både barne- og ungdomsarbeidar og kokk. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis.Me har pedagogar, sosionom, spesialpedagog, fagarbeidarar, og lærlingar. I administrasjonen er det styrar og assisterande styrar.Barnehagen skal, barnehageåret 2026–2027, ha barn på 8 avdelingar med i alt 128 barn.Her kan du sjå litt frå kvardagen i barnehagen:  https://vestlybhg.no/Ikkje nøl med å ta kontakt om dette ser interessant ut eller du undrar på noko.

Arbeidsoppgåver

    Arbeida målretta i tråd med lovverk og barnehagen sitt eige planverk i nært samarbeid med dei andre tilsette på avdelinga og i barnehagenArbeida i tråd med barnehagen sitt barnesynArbeida for eit trygt og godt barnehagemiljø for både enkelt barn og barnegruppe, foreldre og tilsetteForeldresamarbeid på avdelingaGje barna ein god og trygg start på livet Skapa trivsel og utvikling, for både barn, personalet og føresette Er aktiv saman med barna i kvardagen

Kvalifikasjonar

    Starta på utdanning som barnehagelærar, og fortrinnsvis vere i gang med 2. året av utdanninga.Gode digitale ferdigheiterGode norske språkferdigheiter - både skriftlege og munnlege. For jobb i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

    Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
    Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
    Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
    Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
    Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
    Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
    Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Me tilbyr

    Gode pensjonsordningar Løn etter avtale. Me har eiga studentavlønning for barnehagelærarstudentar i barnehage.Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
    Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Svein Magne Wilson Særheim, styrar, 47663145, [email protected]

Arbeidsstad

Vestlyvegen 1174347 Bryne

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 40%FastSøknadsfrist: 08.11.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 16. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 16. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverVIVestly idrettsbarnehage, Time kommune1 stilling i databasen