Ringevikar/ekstrahjelp - hjelpepersonell ved Etne og Skånevik legekontor
EHEtne kommune HelseDatasettet bak annonsen· 73 925 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 925 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 520 aktive nå, 32 892 arbeidsgivere og 146 583 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Etne og Skånevik legekontor søkjer helsesekretær/sjukepleiar til å vera ringevikar/ekstrahjelp ved fråvær og ferie.
Legetenesta i kommunen har hovudkontor i Etne og eit utekontor i Skånevik. Det er 7 legar og 6 hjelpepersonell som arbeider ved kontora. Trivelege kollegaer med erfaring og gode rutinar.
Arbeidsoppgåver
Som hjelpepersonell vil du etter opplæring ha ein arbeidskvardag med ulike arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Helsesekretær
- Sjukepleiar
- Anna relevant fagutdanning og/eller fullført 2. året på Bachelor sjukepleie
Erfaring frå arbeid på legekontor er ein fordel.
Eigenskapar
Me søkjer ein vikar som er positiv, løysingsorientert og har evne til å arbeide sjølvstendig. Du må ha gode samarbeidsevner og vera fagleg engasjert.
Me tilbyr
Etne kommune er ein langstrakt kommune med tilgang til flott natur med både fjord og fjell. Kommunen har om lag 4100 innbyggarar der nesten halvparten bur i tettstadane Etne og Skånevik.
Kommunen har eit rikt kulturliv, engasjert næringsliv med tilgjengeleg servicetenester, aktive organisasjonar og eit godt oppbygd kommunalt tenesteapparat. Det skal vera godt å bu og jobba i kommunen.
Velkommen som søkjar.
Annan informasjon
Du må framvise politiattest utan merknader.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.Link til søknadsskjema:
Søk her
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 16. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 16. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.