LIS i augesjukdommar - vikariat

AHAugeavdelinga, Helse Bergen HF
BERGENVikariat Publisert 18 t sidenFrist 01. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
LønnAnslått 45 128 kr – 67 582 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 15. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 393 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 393 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 640 aktive nå, 32 720 arbeidsgivere og 144 307 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Det blir ledig eit årsvikariat for lege i spesialisering (LIS3) ved vår spennande avdeling i perioden frå 10.11.2026 og 12 månader framover. Det er gode moglegheiter for forlenging av vikariatet.

LIS frå andre helseregionar kan òg søke stillinga som ein del av arbeidet med å oppnå naudsynte læringsmål innan spesialiteten augesjukdommar.

Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forskings- og utviklingsarbeid står sentralt i verksemda vår. Avdelinga har stor breidd i tenestetilbodet sitt, og vi greier ut og behandlar alle typar augesjukdommar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for hovud og hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining samt operasjonsavdeling. Sengeposten har seks døgnplassar. Her er det både planlagde innleggingar og øyeblikkeleg hjelp-innleggingar.

Vikariatet kan telje som ein del av spesialistutdanninga innan augesjukdommar.

Ved rekruttering og tilsetjing vil vi ha eit langsiktig perspektiv for å bygge ei fagleg sterk og robust augeavdeling for framtida

Arbeidsoppgåver

    Den som blir tilsett vil gå inn i 12-delt primærvaktEin vil rotere mellom dei ulike seksjonane i avdelinga ca. kvar 6. månad (7 ulike seksjonar) for å få dekt alle områda innan augefagetDet vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggande og polikliniske pasientarVedkommande må ta del i undervisning av legestudentar og anna helsepersonell

Kvalifikasjonar

    Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i augesjukdommarGod skriftleg dokumentasjonsevneDå Augeavdelinga er ei hektisk avdeling, vil vi legge vekt på opparbeidd kompetanse og interesse for augefagetAugeavdelinga er kjend for sitt gode, kollegiale miljø, og det er viktig at dei som blir tilsett og vil bidra til å halde dette ved likeGode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad 

Personlege eigenskapar

    Vi vil legge vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibelGode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt i ein hektisk kvardagVere ein god teamarbeidarBidra aktivt til det gode arbeidsmiljøetForskingsinteresse

Vi tilbyr

    Teneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging og fullstendig LIS-løp i spesialiseringaDen som blir tilsett, vil få ein personleg rettleiar, og delta i avdelinga sitt regulære utdanningsprogramLønn i samsvar med gjeldande overeinskomstGod forsikrings- og pensjonsordning Gode kollegaer i eit særs godt arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frank Tore Jenssen, Seksjonsleiar, 55974124

Arbeidsstad

Haukelandsveien 225021 BERGEN

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikariatStartdato: 10.11.2026Sluttdato: 02.01.2028Søknadsfrist: 01.11.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 15. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 15. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverAHAugeavdelinga, Helse Bergen HF3 stillinger i databasen