Fagleiar i heimetenesta

SKStranda kommune
STRANDAFast Publisert 2 dager sidenFrist 29. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
LønnAnslått 42 181 kr – 59 155 kr per måned
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 14. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 078 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 078 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 341 aktive nå, 32 592 arbeidsgivere og 143 536 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Brenn du for fagutvikling og lagspel? Bli vår nye fagleiar i heimetenesta!
Er du sjukepleiaren som alltid ser etter dei beste løysingane? Vil du vere med på å forme framtidas heimeteneste, der kvalitet, meistring og tryggleik står i fokus? Då har vi jobben for deg! Du er ein fagleg trygg sjukepleiar med eit brennande engasjement for eldreomsorg og primærhelsetenesta. Du blir motivert av å sjå andre lukkast, og du har evna til å nytte nasjonale retningslinjer i praksis. Du likar å halde deg oppdatert på fagfeltet, enten det gjeld demensomsorg, velferdsteknologi, pasienttryggleik eller kliniske prosedyrar.

Vi trur på kontinuerleg forbetring, tverrfagleg samarbeid og å gjere kvarandre gode gjennom erfaringsdeling og ein godt samarbeid i kvardagen.

Stranda distrikt, avdeling heimetenesta tilbyr eit breitt spekter av tenester til innbyggjarar i ulike livsfasar og med ulike behov. Målet vårt er å medverke til at brukarane våre kan bu trygt heime og meistre eigen kvardag så lenge som mogleg.

Heimetenesta i Stranda distrikt er organisert i to soner og har eit sterkt fagmiljø med ei engasjert gruppe som samarbeider tett om å gi gode og heilskaplege tenester. Vi yter tenester til brukarar som bur i eigen heim, i omsorgsbustader utan fast bemanning, og i bustader med døgnbemanning.
Vi har eit nært samarbeid med sjukeheimen i kommunen. I tillegg samarbeider vi tett med fysioterapeut, ergoterapeut og hjelpemiddelansvarleg for å sikre heilskaplege, tverrfaglege og koordinerte tenester til brukarane våre.
Som fagleg leiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenestene våre. Du blir ein viktig samarbeidspartnar for avdelingsleiar, ein fagleg ressurs for medarbeidarane og ein pådrivar for kvalitet, utvikling og gode pasientforløp.

Arbeidsoppgåver

Drift, koordinering og innovasjon
· Bidra til organisering og koordinering av den daglege drifta i heimetenesta.
· Utarbeide og følgje opp arbeidslister og ressursplanlegging i samarbeid med avdelingsleiar.
· Sikre god informasjonsflyt og samhandling mellom medarbeidarar og samarbeidspartnarar.
· Bidra til hensiktsmessig prioritering av oppgåver og ressursar i den daglege tenesta.
· Medverke til innføring og vidareutvikling av velferdsteknologi.
· Delta i utvikling av framtidsretta arbeidsmetodar og tenester.

Dokumentasjon og pasientoppfølging
· Sikre god kvalitet i dokumentasjon og pasientjournalføring i tråd med gjeldande lovverk og retningslinjer.
· Ansvarleg for at pasientjournalar er oppdaterte, fagleg relevante og gir grunnlag for forsvarlege tenester.
· Bidra til systematisk oppfølging av vedtak, tiltak og pasientforløp.
· Rettleie medarbeidarar i dokumentasjonsarbeid og bruk av journalsystem.
· Koordinere samarbeid med fastlegar, sjukehus og andre kommunale instansar i samarbeid med sjukepleiarane ved avdelinga.
· Bidra til heilskaplege pasientforløp og god samhandling på tvers av tenester.

Rettleiar og inspirator
· Rettleie og undervise kollegaer i kliniske kvardagssituasjonar.
· Planlegge og gjennomføre internundervisning og faglege kompetansetiltak, i samarbeid med avdelingsleiar.
· Vere ein fagleg støttespelar for medarbeidarar i krevjande og komplekse pasientsituasjonar.

Fagutvikling innan prioriterte område
· Bidra til tidleg kartlegging, oppfølging og tilrettelegging for personar med kognitiv svikt og demenssjukdom.
· Styrke fokus på meistring, eigenomsorg og rehabiliterande arbeidsmetodar i tråd med prinsippa for kvardagsrehabilitering.
· Bidra med avansert klinisk vurderingskompetanse i oppfølging av brukarar med samansette og komplekse helseutfordringar.

Kvalifikasjonar

· Norsk autorisasjon som sjukepleiar.· Vidareutdanning innan avansert klinisk sjukepleie (AKS) er ønskjeleg. Annan relevant kompetanse vert vurdert.· Kompetanse eller erfaring innan demensomsorg, kvardagsrehabilitering og rehabiliterande arbeidsmetodar er ønskjeleg.· Erfaring med undervisning, rettleiing og kompetanseutvikling av medarbeidarar er ein fordel.· God digital kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal.· Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.· Førarkort klasse B.· Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tiltreding.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:· Er fagleg engasjert og utviklingsorientert.· Har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege miljø.· Er strukturert og løysingsorientert.· Er trygg i rolla som rettleiar og fagperson.· Er tolmodig, empatisk og viser respekt for brukarane og pårørande sine ønskje og behov.· Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Eit sterkt fagmiljøDu blir ein del av eit engasjert og tverrfagleg team med høg kompetanse og stor vilje til samarbeid.Gode utviklingsmoglegheiterVi legg til rette for vidareutdanning, kurs og fagleg utvikling.Konkurransedyktige vilkår· Løn etter kvalifikasjonar og avtaleverk.· Offentleg tenestepensjon i KLP.· Gode forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +[phone]

Arbeidsstad

Nymarkvegen 586200 Stranda

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 04.01.2027Søknadsfrist: 29.10.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 14. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 14. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverSKStranda kommune1 stilling i databasen