Vil du bidra til å utvikle forsking og forskarutdanning ved Det medisinske fakultet?
Datasettet bak annonsen· 73 078 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 078 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 341 aktive nå, 32 592 arbeidsgivere og 143 536 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Vil du bidra til å utvikle forsking og forskarutdanning ved Det medisinske fakultet?
Det medisinske fakultet (https://www4.uib.no/det-medisinske-fakultet) søker ein engasjert og strategisk orientert seksjonssjef for forskingsseksjonen. I stillinga skal du bidra til å vidareutvikle forskingsverksemda ved fakultetet og styrke arbeidet med nasjonal og internasjonal forskingsfinansiering.
Som seksjonssjef leiar du eit kompetent fagmiljø som arbeider med forskingsstøtte, ekstern finansiering, forskarutdanning og strategiske forskingssatsingar. Du vil ha ei sentral rolle i å sikre gode tenester til institutta og at fakultetet når ambisjonane sine innan forsking, innovasjon og forskarutdanning.
Arbeidsoppgåver
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjar må ha høgare utdanning på masternivå. Doktorgrad er ein fordel. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
God forståing for forsking, forskingspolitikk og universitets- og høgskulesektoren
Erfaring med leiing av kunnskapsorganisasjonar eller komplekse fagmiljø
Erfaring med strategisk arbeid og organisasjonsutvikling
God kjennskap til forskingsfinansiering og verkemiddelapparatet
God kompetanse innanfor digitale arbeidsverktøy
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vi søkjer ein person som
er ein lyttande og inkluderande leiar.
har gode samarbeids- og relasjonsbyggjande ferdigheiter.
har god evne til å tenkje strategisk og sjå heilskaplege løysingar
er utviklingsorientert og evnar å drive endringsprosessar.
har stor gjennomføringsevne og kan handtere komplekse problemstillingar
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fakultetsdirektør Synnøve Myhre, tlf. 93 48 46 14, epost: [email protected].
For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-seniorrådgjevar Therese Myhre Odfjell, tlf. 55 58 52 88, epost: [email protected]
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Vi oppmodar menn om å søkje på stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 14. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 14. okt. 2026.
1 endring i 2 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 14. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.