fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 77 514 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 436 aktive nå, 34 091 arbeidsgivere og 158 320 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Nordre Strand skule søker lærarar til følgande ledige vikariat:
- 75% stilling frå 12.01.27 – 30.06.27
- 100% stilling frå 22.02.27 – 30.06.27 med høve for forlenging.
Skriv dersom du søker på ett av vikariata.
Nordre Strand skule er ein del av Nordre Strand Oppvekstsenter, og ligg på Fiskå. Det er 81 elevar på skulen, og me er 14 tilsette. Skulen ligg i flotte naturomgjevnader, og me brukar dei aktivt i undervisninga. Vår visjon er «Me lærer best saman!». Ut frå denne visjonen har me utforma tre målsetjingar:
1. «Me»: Sjå kvar enkelt og skape ein trygg og inkluderande fellesskap for alle.
2. «Lærer best»: Ruste alle for å meistre livet, og skape engasjerte, livsglade, lærevillige, uthaldande og robuste menneske.
3. «Saman»: Lære av og med kvarandre, og aktivt bruke natur og næringsliv som læringsarena.
Særskilte satsingar er uteskule, leik, lese- og skriveopplæring, tydeleg klasseleiing og å øve opp elevane si evne til konsentrasjon og uthald i det faglege arbeidet.
Me søker lærarar med relevant og godkjent lærarutdanning for mellomtrinnet, då vikariata hovudsakleg er knytt til undervisning på 5.-7. trinn.
Me søker lærarar som med engasjement og positivitet kan bli ein del av fellesskapen vår og bidra i arbeidet med både målsetjingar og satsingar. På NSO har me ein profesjonsfellesskap prega av samarbeid, praksisdeling, erfaringsutveksling og felles drøftingar om pedagogikk, didaktikk og metodikk. Me søker lærarar som kan vere ein naturleg del av ein slik samarbeidskultur.
Søk her
Sektor
Offentlig
Først observert av fakt: 14. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 21. okt. 2026.
2 endringer over 8 dager i 5 øyeblikksbilder.
1 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.