Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til Balestrand helsetun
SBSogndal kommune Balestrand helsetun og heimetenesteDatasettet bak annonsen· 72 909 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 909 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 218 aktive nå, 32 515 arbeidsgivere og 143 137 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
No er det ledige stillingar hjå oss, og me håpar du vil bli vår nye kollega!
Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun og heimeteneste blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.
Balestrand helsetun består av to små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining, og er i same bygg som heimetenesta og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta.
Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.
Balestrand helsetun har ledig følgjande stillingar som helsefagarbeidar: 100% fast stilling i turnus på helsetunet ledig frå d.d.
Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for tilpassingar som til dømes langvakter med 4. kvar helg.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Berre søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.Link til søknadsskjema:
Søk her
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 12. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 12. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.