Fast vaken nattevakt i 72 % stilling
BBufetatDatasettet bak annonsen· 73 138 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 138 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 420 aktive nå, 32 612 arbeidsgivere og 143 687 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Om stillinga og arbeidsstaden
Er du den som skaper tryggleik når andre søv?
Det er ein krevande jobb, den er ikkje for alle. Men er du fagleg utforskande, likar høg aktivitet og store variasjonar i arbeidskvardagen, kan dette være jobben for deg.
Som fast nattevakt blir du ein viktig del av miljøet rundt ungdommane og bidreg til kontinuitet, tryggleik og stabile relasjonar over tid.
Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune.
Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Vi arbeidar med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem, og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus. Ungdommane bur hos oss i henhald til barnevernsloven §§ 6-1 og 6-2.
Hos oss står samarbeid og relasjonar i sentrum - både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket deira. Vi legg stor vekt på å involvera foreldre og andre viktige personar for å støtte ungdommen i endringsprosessen.
Behandlingen byggar på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv åtferdsterapi og sosialøkologisk teori. Vårt arbeid handlar om å hjelpe ungdom til å utvikle ferdigheitar som gjer dem i stand til å handtere situasjonar som tidligare har ført til rusbruk.
Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi nå ledig stilling som våken nattevakt i 72% stilling.
Det kan og bli ledig vikariat ved senteret på både natt og i andre stillingar. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Krav til stillingane
Krav til stillingane:
Bjørgvin ungdomssenter tilstrebar balanse mellom kvinner og menn, jf. føringar i barnevernsloven. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju.
Vi søkjer deg som
Vi søkjer deg som:
Personlege eigenskapar vil tilleggjast stor vekt.
Kva får du hos oss?
Opplysningar til deg som søkjar
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine som stadfester stillingsstorleik og tidsrom. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber og om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 12. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 12. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.