Rekneskapsansvarleg i 100% fast stilling
KKKviteseid kommuneDatasettet bak annonsen· 73 346 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 346 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 575 aktive nå, 32 710 arbeidsgivere og 144 094 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Ved fellestenestene har vi ledig spennande stilling
Rekneskapsansvarleg i 100% fast stilling
Stillinga ligg rett under økonomisjef/assisterande kommunedirektør og du blir ein del av eit godt team.
Arbeidsoppgåver
· Fagansvarleg for kommunerekneskapen og underliggande verksemder· Utarbeiding av årsrekneskap· Kostra-rapportering· Internkontroll og kvalitetssikring· Rådgjeving og rapportering til budsjettansvarlege· Bokføring og avstemming· Andre rekneskapsrelaterte oppgåver
Kvalifikasjonar
Vi ynskjer at du har:• Økonomisk utdanning på minimum bachelornivå, relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning• Regnskapserfaring frå A til Å, gjerne frå kommunal verksemd• God kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet, særleg frå offentleg forvaltning• God IT- og systemforståing
Personlege eigenskapar
Kva type personlege eigenskapar vil me ha med på laget vårt?
Me ser etter deg som er sjølvstendig og uredd. Me ser etter deg som er god på menneskelege relasjonar. Me ser etter deg som likar faglege utfordringar og som klarar å leite deg fram til svar på eigenhand. Me ser etter deg som forstår viktigheita av tidsfristar og som har høg arbeidskapasitet. Me ser etter deg som har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Me ser etter deg som har eit raust menneskesyn og som bidrar sosialt på arbeidsplassen.
Vi tilbyr
• Ein spennande jobb med meiningsfulle arbeidsoppgåver
• Eit godt arbeidsmiljø der latteren sit laust
• Ein jobb med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
• Konkurransedyktig løn
• Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Me kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad
Kommunen brukar nynorsk som språk.
Du må kunne visa fram ny politiattest før tilsetjing.
Kan dette vere noko for deg, ikkje nøl med å ta kontakt.
Kontaktinformasjon
Snorre Halvor Djupedal, HR leiar, +[phone]
Arbeidsstad
Kviteseidgata 133850 KVITESEID
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 02.11.2026
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 12. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 12. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.