LIS 2/3 Indremedisin

VMVoss Medisinske legar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus
VOSSFast Publisert 4 dager sidenFrist 25. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet64/100Hvordan?
LønnAnslått 42 089 kr – 59 027 kr per måned
HistorikkObservert i 3 dagerFørst observert 12. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 149 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 149 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 432 aktive nå, 32 615 arbeidsgivere og 143 719 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Likar du å finne svar når fasiten ikkje er opplagd? Då kan du passe godt inn hjå oss!  Me har ledig fast stilling for LIS2/3 i indremedisin frå 01.03.2027.

Me tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i generell indremedisin. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Generell indremedisin på Voss er ein framoverlent gjeng som består av 2 gastroenterologar, 2 lungelegar, geriater, kardiolog og nefrolog. Me ynskjer å styrke LIS 2/3-laget, og det er der du som les dette kjem inn i bilete.

I vår avdeling står faget i fokus og me legg vekt på gode rammer for læring og faglig vekst. Det er dette som sikrar god og trygg behandling av pasientane våre. Me har sengepost med 20 senger og kort liggetid, i tillegg til høg aktivitet i poliklinikk. Ved visittarbeid er det alltid dedikert overlegeressurs tilgjengeleg. Aktuelle prosedyrar i vår avdeling er pleuratapping, ascitestapping, lumbalpunksjon, gastroskopi, coloskopi, ekkokardiografi, arbeids EKG, spirometri / TLCO, CPET (VO2Max) og dialysebehandling. Aktivitet vil henge saman med kva fagfelt ein har valdt å fokusere på med omsyn til læringsmål. Me har eigen utdanningsansvarleg overlege som bidreg til å tilpasse aktivitet i poliklinikk med læringsmål. På vakt vil du møte faget i full breidde og me har også mottak av hjerneslag og trombolytisk behandling. Du har tett samhandling med LIS1 og erfarne overlegar på vakt. Fast tilsette LIS2/3 ved Voss Sjukehus kan gjennomføre gruppe 1 teneste ved Haukeland Universitetssjukehus.

Arbeidsoppgåver

    Visitt på sengepostPoliklinikkVaktRettleiing av LIS1Internundervisning

Kvalifikasjonar

    Du må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1, eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3 stilling i indremdisinDu må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg samt ha god skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

    Du likar å arbeide saman med andre, men synest pasientar og pårørande er dei viktigasteDu har interesse og motivasjon for fagfeltet

Me tilbyr

    Stort fagleg engasjementMe vil at du skal lykkast med å oppnå fagleg vekst og meistringLønn i samsvar med gjeldande overeinskomstForholda blir lagt til rette for deltaking i undervising og kursMe bistår gjerne med å skaffe bustad, fint om dette i så fall er opplyst i søknad

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gro Lillegraven, Seksjonsoverlege, [email protected] Wiger Austefjord, Overlege, [email protected]

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 125704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 25.10.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 12. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 12. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverVMVoss Medisinske legar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus2 stillinger i databasen