Rekrutteringstillegg kr. 50.000,-

KRKvinnherad kommune Rosendalstunet
ROSENDALFast Publisert 3 dager sidenFrist 25. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet65/100Hvordan?
LønnAnslått 42 181 kr – 59 155 kr per måned
HistorikkObservert i 3 dagerFørst observert 12. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 912 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 912 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 222 aktive nå, 32 516 arbeidsgivere og 143 143 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vil du bli vår nye sjukepleiar på natt?

Ved Rosendalstunet har vi no ledig ei 80-100% fast nattstilling for sjukepleiar. Hos oss får du vere ein del av eit fagleg engasjert arbeidsmiljø der målet er å gje bebuarane trygg, verdig og omsorgsfull pleie.

For eksterne søkjarar tilbyr vi eit rekrutteringstillegg på kr 50 000, med bindingstid på 2 år.

Oppstart snarast etter avtale.

Rosendalstunet ligg i vakre Rosendal ved Hardangerfjorden og har 60 plassar fordelt på langtidsopphald, demensomsorg og korttid/rehabilitering. Hos oss møter du eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet, rehabilitering, demensomsorg og palliasjon. Vi arbeider tverrfagleg og tek aktivt i bruk velferdsteknologi i tenestene våre.

Nattenesta er organisert slik at sjukepleiar på natt utfører oppgåver både i institusjonen og i heimesjukepleia. Arbeidet omfattar mellom anna stell og tilsyn, faste tilsyn hjå heimebuande brukarar, samt handtering av alarmar og utrykkingar. Dette gjev ein variert og spanande arbeidskvardag med stort ansvar og høve til å nytta brei sjukepleiefagleg kompetanse.

Arbeidsoppgåver

    Yta heilskapleg pleie og omsorg til pasientarStell og tilsyn av pasientar både i institusjon og i heimesjukepleiaUtføra faste tilsyn hjå heimebuande brukararDelta ved utrykkingar og handtera alarmar, inkludert tryggleiksalarmarLegemiddelhandteringDokumentasjon og oppfølging av tenesteneArbeida i tråd med gjeldande lovverk, rutinar og kvalitetskravSamarbeid med pasientar, pårørande og kollegaerRettleiing av studentar og elevar

Kvalifikasjonar

    Norsk autorisasjon som sjukepleiarGode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein medarbeidar som:

    Er fleksibel og løysingsorientertHar gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerKan arbeida sjølvstendig og strukturertBidreg til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil bli vektlagde ved tilsetjing.

Vi tilbyr

    Eit godt fag- og arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaerGodt tverrfagleg samarbeid og fokus på fagleg utviklingTilsetjing etter gjeldande tariffavtalar og regelverkGode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLPMoglegheit for dekning av flytteutgifter etter nærare reglarGratis SFO og søskenmoderasjon i barnehageIngen eigedomsskatt på hus, hytter og næring per i dag

Ekstra fordel for deg som bur i Kvinnherad

Bur du i Kvinnherad og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år gjennom den statlege ordninga for sletting av studielån.

Meir informasjon

Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet

Politiattest

Det er krav om gyldig politiattest før tiltreding i stillinga, i samsvar med gjeldande lovverk.

Rosendalstunet – omsorg med kvalitet, faglegheit og varme.

 Link til søknadsskjema:

Søk her

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 12. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 12. okt. 2026.

1 endring over 1 dager i 4 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 13. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverKRKvinnherad kommune Rosendalstunet8 stillinger i databasen