Avdeling Jetmundgarden har ledige stillingar.
BABu og aktivitetstenesta, Sula kommuneDatasettet bak annonsen· 72 912 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 912 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 222 aktive nå, 32 516 arbeidsgivere og 143 143 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagen. Kanskje er du vår nye kollega?
Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte og dyktige medarbeidarar- fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar, men andre med relevant bachelorgrad vil og bli vurdert.
Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar. I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar i arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.
Vi har ledig:
Jetmundgarden:
2 x 100 % fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar/ sjukepleiar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
Stillingane er ledig frå snarast.
Siste års vernepleiarstudentar vert oppmoda til å søkje.
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.
Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnomsorg til menneske med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar. Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve kvardagsmeistring og sosial deltaking i samfunnet. Dette gjennom å fremje meistring og inkludering i samfunnet gjennom tilrettegging og meistringskjensle. Du skal som tilsett sikre brukarmedverknad og gje god kvalitet på tenesta. Du skal rettleie tenestemottakar, samarbeide med pårørande, kollegaer og studentar.
Avdelinga har fokus på kompetanseløft og nokre av satsingsområda er målretta miljøarbeid og positiv åtferdstøtte.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelingane har turnusordning med utvida arbeidstid f.t. 12,25 og 13-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg.
Jetmundgarden bufellesskap har årsturnus der du kan vere med å påverke arbeidstida di.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
[email protected]
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 12. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 12. okt. 2026.
1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 13. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.