Kommunikasjonsrådgjevar ved Det humanistiske fakultet
UBUniversitetet i BergenDatasettet bak annonsen· 72 907 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 907 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 216 aktive nå, 32 514 arbeidsgivere og 143 134 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Fast stilling som kommunikasjonsrådgjevar
Er du motivert for å vere ei drivkraft i kommunikasjonsarbeidet ved eit ambisiøst fakultet? Velkomen som søkjar til ei fast 100 % stilling som kommunikasjonsrådgjevar og web-ansvarleg ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vi søkjer ein dyktig kommunikasjonsrådgjevar som kan arbeide både strategisk og operativt i eit breitt kommunikasjonsfagleg landskap. Det er ønskeleg med oppstart så snart som mogleg.
Om arbeidsplassen
Det humanistiske fakultet (HF) har ein ambisiøs strategi, ein stor og spanande fagportefølje og mange framifrå forskingsmiljø og forskarar.
Fakultetet er sett saman av fire institutt, som er grunneiningane for forsking, undervising og formidling, og har også administrativt ansvar for to tverrfakultære senter. Fakultetet har om lag 3700 studentar og 460 tilsette.
Her finn du meir informasjon om Det humanistiske fakultet. Stillinga er knytt til Seksjon for forsking og formidling ved fakultetsadministrasjonen. Du vil jobbe tett med leiing på ulike nivå og på tvers av faglege og administrative fagfelt. Stillinga har ei dreiing mot arbeid med nettsider og formidling av forsking og utdanning, men har også andre viktige oppgåver.
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
Formidling av forsking og utdanning:
Ansvar for fakultetet sine nettsider og andre digitale flater:
Kommunikasjonsrådgiving:
Det er ein føresetnad at du oppdaterer deg fagleg og bidreg til utviklinga av eit felt som stadig er i endring.
Du må vere open for endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt. Alle i administrasjonen må vere førebudde på å ta del i felles arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
I tillegg ønsker vi at du:
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby
Slik søkjer du stillinga
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Søknadstekst og CV må vere på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må bli lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte seksjonssjef Kirsten Moen på telefon 55 58 80 85, eller via e-post [email protected].
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: [email protected].
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 12. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 12. okt. 2026.
1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 13. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.