Rådgjevar med sals- og kontoransvar på Voss Sparebank sitt kontor i Odda

VSVOSS SPAREBANK
ODDA Publisert 3 dager siden
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet36/100Hvordan?
LønnAnslått 47 790 kr – 67 112 kr per måned
HistorikkObservert i 3 dagerFørst observert 12. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 087 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 785 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Voss Sparebank skal opna kontor i det gamle flotte bankbygget i gågata i Odda. Til dette kontoret søkjer me ein engasjert og relasjonssterk rådgjevar som vil få utvida ansvar som sals- og kontoransvarleg. Dette er ein sjeldan sjanse for deg som har bakgrunn frå bank, kjenner regionen godt og ynskjer å vere med på å byggje noko nytt frå grunnen av.

Om stillinga

I denne stillinga vil du få ei sentral rolle i oppstarten og den vidare utviklinga av Voss Sparebank sitt kontor i Odda. På dette kontoret vil du og ein rådgjevar vera med frå starten av. Stillinga di vil vera å rådgje kundane innan kreditt, forsikring og sparing, og ha eit ansvar for å byggja Voss Sparebank si kundeportefølje i regionen. Du rapporterer til leiinga i Voss Sparebank og vil ha stor påverknad på korleis kontoret utviklar seg.

Ansvarsområde

    Arbeida proaktivt for å få nye låne- og forsikringskundar.Ansvarleg for å koordinere den daglege drifta av Odda-kontoret.Kredittvurdera kundane og gje lån innanfor definerte fullmakter og regelverk.Vera ein økonomisk sparringspartnar for kundane ved å gje råd om sparing, forsikring, pensjon og personleg økonomi.Representere verksemda i regionen og bidra til positiv merksemd.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

    God kjennskap til Odda og regionen.Erfaring frå tilsvarande rolle i bank.Sterk relasjonsbyggjar med evne til å skape tillit og opne dører.Me ynskjer at du har autorisasjonar frå FinAut. Om du ikkje har det, må du vera motivert for å gjennomføra autorisasjonsløpet for kreditt, skadeforsikring, livsforsikring og sparing/plassering.Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ.God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg.Du bur i Odda eller nærliggjande område, eller ynskjer å flytte her.Du smiler når du kjem på jobb om morgonen, har godt humør og er ein god kollega.

Me tilbyr

    Høve til å setje ditt preg på utviklinga av Odda-kontoret og Voss Sparebank i heile regionen.Arbeidsplass i eit nyrenovert og historisk bygg midt i Odda sentrum.Konkurransedyktige vilkår.Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar.Mange gode kollegar i Voss Sparebank.

Oppstart og tilsetjing

Planlagt opning av kontoret er sommar/haust 2027. Estimert oppstartstidspunkt for stillinga er i god tid før opning og etter avtale.

Søknad

Er du den me leitar etter? Send inn din søknad saman med CV så snart som mogleg. Me ser fram til å høyre frå deg. Har du nokre spørsmål, kontakt ansvarleg rekrutterar André Bjørkhaug på tlf. 911 79 813 / [email protected]

Om bedriften

Voss Sparebank er ein sjølvstendig og lokal sparebank med hovudkontor på Voss. Me samarbeider med 15 andre sparebankar i Lokalbank-samarbeidet. I dag er me 28 tilsette i banken. Me er opptekne av lokalsamfunnet skal vera ein god plass å bu. Banken bidreg til dette med gåver og sponsing. Som tilsett i banken forventar me at også du deler vårt engasjement for lokalsamfunnet og banken.

Sektor

Privat

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 12. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 12. okt. 2026.

1 endring i 2 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 12. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverVSVOSS SPAREBANK2 stillinger i databasen