Fagarbeidarstilling i turnus

BTBjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
OSFast Publisert 8 dager sidenFrist 22. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet64/100Hvordan?
LønnAnslått 42 181 kr – 59 155 kr per måned
HistorikkObservert i 7 dagerFørst observert 08. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 130 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 130 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 412 aktive nå, 32 610 arbeidsgivere og 143 666 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Tilrettelagde tenester, for tida ved avdeling Søfteland bufellesskap, har ledig

    100 % fast stilling i turnus f.t arbeidshelg kvar 4. helg

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter. Søfteland bufellesskap ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca. 10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi søkjer nye kollegaer som vil vere med å forma og vidareutvikla ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass.

Arbeidsoppgåver

    Yta eit heilskapleg, fagleg og personsentrert omsorgstilbod med fokus på livskvalitet, brukarmedverknad og førebyggingSikra bistand i daglege gjeremål og sosiale aktivitetar, inkludert følgje til dagsenter.Administrering av medisinarBidra til ei trygg og føreseieleg ramme for kvar tenestemottakar gjennom støtte, omsorg og strukturSamarbeid med pårørande, legar, fastlege, spesialisthelsetenesta m.m., samt delta i samarbeidsmøterObservasjon og dokumentasjon i EPJUtføre målretta miljøarbeid og oppfølging av tiltakHa primær- eller sekundær kontaktansvar

"Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.

Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

    Helsefagarbeidar m/autorisajon, men andre med kjennskap til brukargruppa eller er under helsefagleg utdanning, vil og bli vurderte. Erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa og erfaring med åtferdsarbeid, vil bli vektlagt. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikkVi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. Bilsertifikat klasse B er ønskjeleg men ikkje eit krav.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskaper
«Kven er du?»
Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk.
Er du ein lagspelar som spreier energi i personalgruppa og tør å tenkje utanfor boksen når de vanlege løysingane ikkje strekk til?

Korfor velgje oss?
Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv
Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag
Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg.

Vi tilbyr

    Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljøGod pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikringLøn etter gjeldande avtalarVi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema:

Søk her

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 08. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 08. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverBTBjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester27 stillinger i databasen