Sjukepleiar
DKDagpost og Kirurgisk sengepost A, Helse Møre og Romsdal HFDatasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 090 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 785 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vi har ledig ei kombinert 65 % fast stilling. Dette er ei kombinert stilling der ein jobbar 20% ved Dagposten, og 45% på Kirurgisk sengepost A.
Vi har også ledig vikariat på 30 %, så det er mogleg å auke stillinga ved Dagposten. Vikariatet er i første omgang til 1/2-27.
Stillingane på Dagposten inneber arbeid på dagtid, kveld og også moglegheiter for langvakter. Dagposten har opent frå 07:00-21:15 måndag -fredag.
Stillingane på Kirurgen A er i turnus med arbeid kvar 3. helg, eller kvar 4. helg dersom ein ønskjer langvakter.
Oppstart 01.11.2026, eller etter avtale.
Dagposten høyrer til under Avdeling for kirurgi ved Ålesund sjukehus. Vi tek imot all elektiv kirurgi som skal opereres på hovedoperasjon. Vi klargjer pasientene , og sender dei til operasjon. Dei som skal leggjast inn på sengepost går videre til Kirurgen A eller B etter operasjon. Dei som er dagkirurgiske pasientar skal tilbake til Dagposten til observasjon før utskriving. Dagposten opna 5/1-26, så du kan her vere med å utforme ei ny og spennande avdeling. Her er omsorgsfulle og engasjerte kollegaer som har fokus på best mogeleg pasientbehandling. Dette er ein arbeidsplass med tidvis høgt tempo og spanande utfordringar, der vi alle jobbar saman for at pasienten skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Arbeidsglede og godt samhald pregar i stor grad arbeidsmiljøet i seksjonen.
Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor våre fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette ei ypperlig moglegheit for deg som ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og få erfaring innan desse spesialfelta.
Du er velkomen som søkjar til ein meiningsfylt arbeidsdag!
Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Tone Torvik Akslen, Seksjonsleiar, Dagposten, +[phone], [email protected] Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost A, +[phone], [email protected]
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 65%FastSøknadsfrist: 22.10.2026
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 07. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 07. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.