Avdelingsingeniør (vikariat) ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1

BERGEN Publisert 8 dager sidenFrist 21. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
Lønn50 000 kr – 54 167 kr
HistorikkObservert i 8 dagerFørst observert 07. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 347 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 347 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 576 aktive nå, 32 710 arbeidsgivere og 144 095 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Avdelingsingeniør (vikariat) ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Dyreavdelinga er det ledig eit vikariat som avdelingsingeniør i 100 % stilling for ein periode på 1 år, med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

    Klargjering av operasjonsrom og laboratoria knytt til dyr, utstyr, helse, miljø og tryggleikDelta i planlegging og gjennomføring av kurs i kirurgi i samarbeid med veterinærKvalitetssikringsarbeid knytt til kurs i kirurgi og dyreforsøkStell og tilsyn av dyr.Prøvetaking og laboratoriearbeidDelta i opplæring av avdelinga sine brukararBistå avdelinga sine brukarar med gjennomføring av dyreforsøk

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

    Vi søkjer ein ansvarsmedviten person som er glad i både dyr og folk, og med interesse for forsking og undervisning.Søkjarar med autorisasjon som dyrepleier eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke vil bli prioriterte. Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning.Søkjar må være fagleg dedikertGod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk er eit krav.Stillinga krev evne til å kommunisere godt med studentar og forskarar, samt bidra i undervisning på begge språk.Søkjar må vere fleksibel og kunne delta i avdelinga sine rullerande helge- og beredskapsvakter.Søkjar må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar.

Vi søkjer ein person som

    har evne til å utføre arbeidet nøyaktighar gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskaparhar digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiterer serviceinnstilt, imøtekomande og løysingsorientert

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr

    Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljøLøn er for tida kr 580 000 - 600 000 (kode 1085, med Bachelorgrad), Løn er for tida kr 600 000 - 650 000 (kode 1085, med mastergrad). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.Medlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leder av avdelinga professor Lise Madsen på e-post: [email protected] eller veterinær Suzanne Brandt på e-post: [email protected] ).

For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Iris Walle på e-post: [email protected]

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 07. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 07. okt. 2026.

2 endringer i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 07. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 07. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.