Du er ikkje kven som helst - du bidreg med kunnskap, retning og motivasjon for våre tilsette
Datasettet bak annonsen· 74 361 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 74 361 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 932 aktive nå, 33 027 arbeidsgivere og 147 548 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Om stillinga og arbeidsstaden
Vil du bruke fagkompetansen din til å utvikle tilsette og styrkje kvaliteten i barnevernsinstitusjonane våre? Då kan dette vere stillinga for deg! Bufetat, region vest har to faste 100 prosent stillingarsom rettleiar i Tenestestøtte. Vi søkjer deg som er psykolog eller psykologspesialist, eller som har relevant helse- og sosialfagleg bachelor og vidareutdanning i rettleiing. Du blir ein del av eit sterkt og engasjert fagmiljø ved regionkontoret i Bergen - eit miljø som verdset nytenking, samarbeid og kontinuerleg kompetanseutvikling. Kortare reiseverksemd utanbys kvar tredje til fjerde veke må påreknast.
Arbeidsoppgåver
Kva bakgrunn har du?
Du har eit av følgjande utdanningsløp:
I tillegg har du
Det er ønskeleg at du har:
Erfaring frå arbeid med traume, åtferdsvanskar, rus eller utviklingsforstyrringar.
Personlege eigenskapar
Kva får du hos oss?
år, 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 850 000 - 950 000 pr. år, eller 0795 spesialpsykolog,
p.t. kr 750 000 - 850 000 pr. år.
Du får ein variert og spanande arbeidskvardag i ein seksjon som skal bistå institusjonane i regionen i det faglege arbeidet deira. Du vil bli kollega med psykologar og barnevernsfaglege med ulike erfaringsbakgrunnar og oppgåver.
Du vil bli del av regionstaben, som omfattar ulike seksjonar, fagprofesjonar og oppgåver. Saman jobbar vi kvar dag for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag.
Opplysningar til deg som søkjar
Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
Stillinga er for tida lagd til Seksjon Tenestestøtte
Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Sektor
Offentlig
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 07. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 07. okt. 2026.
1 endring i 2 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 07. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.