Helsesekretær og sekretær - faste stillingar
HHHelse Bergen HFDatasettet bak annonsen· 72 907 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 907 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 216 aktive nå, 32 514 arbeidsgivere og 143 135 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Arbeidsoppgåver
Lungeavdelinga, Seksjon kontor
Vil du vere med å løfte Lungeavdelinga til nye høgder?
Kontorfagleg gruppe ved Lungeavdelinga består av 13 dyktige medarbeidarar som brenn for å gi våre lungesjuke pasientar eit godt møte med sjukehuset. Vi er sjølve navet i heile avdelinga, då vi jobbar tett på både pasientar og faggrupper og har ei sentral rolle i den daglege drifta. Arbeidskvardagen vår er prega av samarbeid, struktur og høg fagleg kvalitet. Vi ser etter deg som har blikk for logistikk og god flyt i arbeidsprosessar, og som trivst med IKT-system og ønsker å bidra til utvikling av digitale løysingar. Du er fleksibel, tar initiativ og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø med godt humør. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og helsefagleg bakgrunn er ein fordel, men ikkje eit krav.
Stillinga inneber varierte og meiningsfulle oppgåver som timekoordinering, pasientadministrasjon, telefonbetening og resepsjonsarbeid. Du vil samarbeide tett med ulike faggrupper i eit travelt og fagleg sterkt miljø, og møte pasientar i krevjande situasjonar med tryggleik og respekt. Vi ser etter ein kollega som tar ansvar i kvardagen, kommuniserer tydeleg og trivst med både pasientkontakt og samarbeid med kollegaer.
Er du vår nye kollega ved Lungepoliklinikken? Då håpar vi du søker!
Kontakt: Kirsten Nøttingnes, tlf. 900 82 756.
Ortopedisk klinikk
Vil du bli ein del av eit av Noregs største og mest spennande ortopediske fagmiljø?
Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus er ein del av Ortopedisk klinikk og behandlar årleg om lag 5 000 inneliggande pasientar, 1 200 dagkirurgiske pasientar og gjennomfører over 20 000 polikliniske konsultasjonar. Avdelinga har eit høgt aktivitetsnivå og handterer ein stor del øyeblikkeleg hjelp.
Vi er ein viktig del av pasientforløpet og har eit godt tverrfagleg samarbeid på tvers av faggrupper. Ved avdelinga arbeider det i dag 19 sekretærar fordelt på fleire einingar i Sentralblokka.
Vi har no ledig 100% fast stilling som helsesekretær/medisinsk sekretær ved poliklinikken. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og spennande arbeidsoppgåver. Vi ser etter deg som er positiv, engasjert og serviceinnstilt, og som trivst i ein aktiv arbeidskvardag. Den som blir tilsett må vere innstilt på å bidra med ulike sekretæroppgåver ved avdelinga etter behov.
Ønskeleg med snarleg oppstart.
Kontakt: Paula Carolina Sætre 9187569
Kvalifikasjonar (overskrift)
Øyane DPS
Serviceseksjonen ved Øyane DPS søker ny medarbeidar. Sidan seksjonen vår er liten, må ein vera innstilt på å læra seg/arbeide med alle kontorfaglege oppgåver som kjem vår veg. Vi ønsker å ta godt imot pasientane på telefon og i luke, vi har sentrale oppgåver knytta til kvalitet og pasientsikkerheit. Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi ønsker deg som bidrar godt i arbeidsmiljøet, beheld roen når det kokar, elsker DIPS, og er løysingsorientert. Vi gler oss til å lesa din søknad!
Kontakt: Sigrid-Marie Mikkelsen, tlf. 56326641.
Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
[email protected]
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsehistorikk (7 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 06. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 08. okt. 2026.
3 endringer over 3 dager i 7 øyeblikksbilder.
1 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 08. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
- 08. okt. 2026
- Lokasjon endretBERGENSTRAUME
- 09. okt. 2026
- Lokasjon endretSTRAUMEBERGEN
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.