Matros i 3:3 turnus

MDFjord1 - Maritim Drift
OSFast Publisert 9 dager sidenFrist 21. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet66/100Hvordan?
Lønn39 907 kr
HistorikkObservert i 9 dagerFørst observert 06. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 888 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 888 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 170 aktive nå, 32 507 arbeidsgivere og 143 034 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Fjord1 søker ein matros i sambandet Halhjem - Våge, trafikert av vår moderne elektriske ferje MF Kommandøren. 

På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har eitt døgn fri i ein periode på 3 veker, deretter har du 3 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Halhjem eller Våge, då rederiet ikkje har bufasilitetar det døgnet ein har fri.

Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.

Med kort reisetid – kun 30 minutt frå Bergen til Halhjem – er det enkelt å få ein god balanse mellom jobb og fritid.

Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg. Vi vurderer kandidatar fortløpande.

Arbeidsoppgåver

    Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bordAlterneringsplikt mellom dekk og maskinArbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordnaOppgåver knytt til alarminstruksVerne- og miljøarbeidKundehandsaming

Kvalifikasjonar

    Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matrosFerdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæringKrise- og passasjerhandteringGyldig helseerklæringSkandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.

Vi tilbyr

    Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.Døgnskift: 1 døgn om bord, 1 døgn fri i ein periode på 3 veker, etterfulgt av 3 veker fri. 
    Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.Reise er ikke dekket.Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

Kontaktinformasjon

[email protected]

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! 

Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.

Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.

Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

Sektor

Privat

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 06. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 06. okt. 2026.

1 endring i 4 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 07. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverMDFjord1 - Maritim Drift34 stillinger i databasen