Grunnskulelærar ved Måndalen skule

OURauma kommune Måndalen barne- og ungdomsskule
MÅNDALENFast Publisert 9 dager sidenFrist 16. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet61/100Hvordan?
LønnAnslått 42 073 kr – 57 267 kr per måned
HistorikkObservert i 9 dagerFørst observert 06. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 087 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 785 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Stillinga
Grunnskulelærar i 100 % fast stilling per tiden ved Måndalen skule.

Arbeidsplassen
Måndalen skule er ein ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Vi er ein oversiktleg 1.–10.-skule med rundt 100 elevar og 20 tilsette. Hos oss kjenner vi elevane godt, samarbeider på tvers av trinn og har korte vegar frå idé til handling. Skulen ligg tett på naturen, som vi gjerne nyttar som læringsarena. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule – Rauma kommune. Måndalen skule - Rauma kommune

Arbeidsoppgåver:

    Undervisning hovudsakleg på 1.–7. trinn (avhengig av kompetanse/erfaring).Vi søkjer lærar til 100 % fast stilling, med moglegheit for kontaktlæraransvar.

Krav til kvalifikasjonar:

Utdanning som grunnskulelærar 1.-7. evt allmennlærar 1-10.

Vi ønskjer gjerne kompetanse innan desse områda:

    Spesialpedagogikk BegynneropplæringMusikkErfaring med ASK og/eller teikn-til-tale vil vere positivt

Til deg som søkjer:

    Du treng sjølvsagt ikkje å kunne alt! Vi er først og fremst på jakt etter ein dyktig lærar som vil bli ein del av laget vårt.Vi ønskjer oss ein engasjert og fleksibel lærar som ser moglegheiter, trivst med samarbeid og ønskjer å vere med på å skape gode og varierte læringsarenaer for elevar frå 6 til 16 år.Som lærar hos oss må du vere glad i å samarbeide, samtidig som du er trygg og sjølvstendig i lærarrolla.Vi ser etter deg som er løysingsorientert, engasjert og oppteken av å sjå den enkelte eleven og bidra positivt til fellesskapet.Har du lyst til å arbeide på ein skule der du får vere tett på både elevane, kollegaene og utviklinga av skulen? Då håpar vi du søkjer deg til Måndalen skule. 

Bur du i Rauma kommune og er i jobb, kan du få sletta 25 000 av studielånet ditt kvart år. Les meir om ordninga her:

Ny ordning for sletting av studielån – no startar oppteninga - regjeringen.no

Søknad

Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller [email protected].
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf.Offentleglova.

Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15.

Søk her

Om bedriften

Velkommen til verdas beste kommune for naturglade menneske! Hos oss kan du både ha ein givande jobb og ei aktiv fritid. Du har kort veg til naturopplevingar uansett kvar du oppheld deg i kommunen. Kommunesenteret Åndalsnes ligg innan 1-2 timars køyretur til Molde og Ålesund lufthamn, og Raumabanen gjer at du kan reise miljøvenleg med tog til Rauma. Kommunen har eit bredt og framoverlent næringsliv og satsar aktivt på turisme og gode opplevingar for alle. Kjende turistmål som Trollstigen, Romsdalseggen, Rampestreken og Romsdalsgondolen finn du her, og vi har eit spanande og variert kulturliv med Rauma kulturhus som motor. Norsk fjellfestival, Trollveggen Triathlon og Rauma Rock er tre av folkefestane som skaper liv og røre. Velkommen til naturgledekommunen Rauma!

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 06. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 06. okt. 2026.

1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 07. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverOURauma kommune Måndalen barne- og ungdomsskule1 stilling i databasen