Søknadsfrist ute

Søknadsfristen har gått ut. Denne stillingen aksepterer ikke lenger søknader.

Bli med på laget - vi søkjer to trafikklærarar!

LTLangvatn Trafikkskule As
VOLDAFast Publisert 10 dager sidenFrist 11. okt. 2026Frist utløpt
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet60/100Hvordan?
LønnAnslått 43 658 kr – 60 196 kr per måned
HistorikkObservert i 10 dagerFørst observert 05. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 781 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Yrke4
Kjøreskolelærere · 2 aktive nå
Arbeidsgiver1
Langvatn Trafikkskule As · 1 aktive nå

Hele basen: 72 781 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 103 aktive nå, 32 471 arbeidsgivere og 142 823 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Langvatn Trafikkskule AS er i vekst, og vi treng to trafikklærarar i 100% stilling for både personbil og tunge køyretøy.

Hos oss handlar det ikkje berre om å lære folk å køyre. Vi skal gi elevane kunnskap, tryggleik og meistring - og gjerne eit smil på vegen.

Hva vi ser etter

"Ta lappen med eit smil" er mottoet vårt, og det seier mykje om miljøet vi ønskjer å skape her hos Langvatn Trafikkskule.

Vi ser etter deg som er ein trygg og engasjerande trafikklærar, og som likar å få andre til å lykkast.

Du vil trivast hos oss dersom du:

    er godkjent trafikklærar for personbil og tunge køyretøy

    er engasjerande, utadvent og glad i å undervise

    møter elevane med eit smil, tolmod, godt humør og respekt

    arbeider sjølvstendig, men også trivst som ein del av eit team

    kommuniserer godt på engelsk, både munnleg og skriftleg

    meistrar engelsk

    er fleksibel og kan jobbe helg ved behov

    arbeider effektivt og er komfortabel med digitale verktøy

    trivst med ein variert og til tider hektisk arbeidsdag

Kanskje er dette din neste jobb?

Dersom du ønskjer ein jobb der du får møte mange ulike menneske, bruke fagkompetansen din og vere med på å gi andre meistring og sjølvtillit bak rattet, håper vi du tek kontakt.

Klar for å bli ein del av laget?

Send søknad og CV til [email protected] og ring gjerne [phone] dersom du ønskjer å vite meir om stillinga. Alle førespurnader vil bli behandla konfidensielt.

Søknadsfrist: snarast.

Vil du vite meir om oss? Besøk www.langvatntrafikkskule.no eller finn oss på Facebook under "Langvatn Trafikkskule As".

Langvatn Trafikkskule AS - Tal lappen med eit smil!

Arbeidsoppgaver

Dette vil du jobbe med hos oss:

Vi tilbyr opplæring i førarkortklassene

B, BE, B96, D1, D1E, D, C1, C1E, C, og CE.

I tillegg driv vi med:

    yrkessjåførkurs grunn- og etterutdanning innan godt- og persontransport

    ADR-kurs i alle klassar

    sikkerheitsrådgjeving

Hos oss kan du derfor få ein arbeidskvardag med stor variasjon - og moglegheita til å bruke kompetansen din på fleire område.

Vi tilbyr

Hos Langvatn Trafikkskule får du ein variert arbeidskvardag med stor moglegheit til å bruke og utvikle kompetansen din.

Du får:

    100% fast stilling i ein trafikkskule i vekst

    ein variert arbeidskvardag med både personbil og tunge køyretøy

    arbeide med dyktige og engasjerte kollegaer i eit positivt og fagleg sterkt miljø

    moderne undervisningslokale og gode lærevogner

    moglegheit til å bidra i både praktisk og teoretisk undervisning

    faglege utfordringar og gode moglegheiter for utvikling

    konkurransedyktige lønsvilkår

    ein arbeidsplass der du bokstaveleg talt har fjell og fjord som utsikt frå arbeidsplassen

Vi er i dag tre faste tilsette, i tillegg til fleire innleigde kurshaldarar og lærarar. Med to nye trafikklærarar på laget tek vi eit nytt stort steg mot den vidare utviklinga av trafikkskulen.

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 05. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 05. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverLTLangvatn Trafikkskule As1 stilling i databasen