Engasjert Matvert

DTDrift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF
BERGENFast Publisert 11 dager sidenFrist 01. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet50/100Hvordan?
LønnAnslått 45 126 kr – 67 578 kr per måned
HistorikkObservert i 10 dagerFørst observert 05. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 090 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 090 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 353 aktive nå, 32 599 arbeidsgivere og 143 552 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Matvert - 15% fast stilling

Er du glad i mat, menneske og gode serviceopplevingar? Då kan dette vere jobben for deg!

Helse Bergen søkjer ein engasjert og serviceinnstilt matvert til ei 15% fast stilling ved ein av våre matstover på Haukelandsområdet. Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, og arbeid kvar tredje helg.

Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar.

Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar.

Matstovene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 matstover.

Arbeidsoppgåver

    Bidra med matomsorg til pasientarBestilling, tillaging og servering av måltidReinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar

    Gode kommunikasjonsevner: Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnlegErfaring frå kjøkken/kantine: Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev som kokk blir føretrekt)Kjennskap til IK-mat: Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlagingGode IT-kunnskapar: Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvareMatfagleg interesse: Du har ei sterk interesse for mat og ernæringFagbrev som kokk er ønskeleg

Personlege eigenskapar

    Fagleg interesse og engasjementServiceinnstilt og imøtekommandeTrivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andreStrukturert og nøyaktigVere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljøHa respekt for kvar enkelt pasientEvne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene

Vi tilbyr

    Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarHøgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 05. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 05. okt. 2026.

2 endringer over 10 dager i 4 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 09. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 15. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverDTDrift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF5 stillinger i databasen