Ph.d.-stipendiat knytt til kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga
UFUNIVERSITETET I BERGEN FAKULTETET FOR NATURVITENSKAP OG TEKNOLOGIDatasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 091 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 794 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Stipendiat innan utdanningsforsking
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan utdanningsforsking for å studere kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga i høgere utdanning. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karrierefremjande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av UiB og er delvis knytt til Erasmus+ prosjektet MINT (Mathematics Innovation in New Teaching).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
I dagens høgteknologiske samfunn, er kompetanse innan matematiske fag viktigare enn nokosinne for å lykkast med å løysa dagens og framtidige utfordringar: matematikk er språket til naturvitskapen. Matematisk institutt (MI) har eit stort undervisningsansvar for å utvikle nødvendig matematisk kompetanse, spesielt i tidelege stadium av studieløpet i STEM-utdanningane (Science, Technology, Engineering and Math). Undervisningsopplegg med førebuande plenum forelesningar, gruppe-øvingar og obligatoriske innleveringa har vore standard gjennom fleire tiår, men inspirert av nye studentaktive undervisningsformer har instituttet satt i gang fleire studiekvalitetsprosjekt i samarbeid med Forskingssenter i realfagslæring (SERC) med mål om å auke studentane sitt læringsutbyte.
Stipendiaten vil:
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
Søknaden skal innehalde
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar Antonella Zanna, på [email protected] eller professor Sehoya Cotner på [email protected].
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på [email protected] eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 05. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 05. okt. 2026.
1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 06. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.