Overlege/spesialist i psykiatri

KDKronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS)/ Kronstad Seksjon for gruppebehandling, Helse Bergen HF
BERGENFast Publisert 11 dager sidenFrist 18. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet83/100Hvordan?
LønnAnslått 43 419 kr – 66 263 kr per måned
HistorikkObservert i 10 dagerFørst observert 05. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 373 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 373 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 632 aktive nå, 32 715 arbeidsgivere og 144 249 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen,- Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er samlokalisert sentralt på Danmarksplass. Det er seksjon for gruppebehandling som nå søkjer overlege/spesialist.

Er du psykiater med interesse for personlegdomspsykiatri og gruppeterapi? Ønskjer du å vere ein del av eit sterkt terapeutisk og fagleg fellesskap?

Seksjon for gruppebehandling er ein spennande arbeidsplass med 17 høgt kvalifiserte medarbeidarar, mellom anna seks psykologspesialistar. Seksjonen har eit breitt og mangfaldig behandlingstilbod, og vi arbeider kontinuerleg for å tilby differensierte behandlingstilbod som møter behova til pasientane og klinikken.

Vi har no ledig ei 50% fast stilling som overlege/spesialist i psykiatri. Stillinga gir moglegheit til å vere med på å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og bli ein del av det veksande psykiaterfellesskapet ved Kronstad DPS.

Om seksjonen
Seksjonen tilbyr strukturerte polikliniske behandlingsprogram i gruppe med ei integrativ behandlingstilnærming. Alle gruppene blir leia av to terapeutar.
Vi tilbyr psykoterapeutiske gruppetilbod av varierande lengd for pasientar med samansette psykiske vanskar. Utgreiing av pasientar er òg ei sentral oppgåve i seksjonen. Pasientgruppa er samansett, med hovudvekt på personlegdomsforstyrringar, angstlidingar, depresjon og livskriser. Ved behov tilbyr vi individuell oppfølging som del av behandlingsforløpet. Seksjonen tilbyr mentaliseringsbasert behandling (MBT) for pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring, og har i tillegg eigne behandlingsprogram for pasientar med engsteleg unnvikande personlegdomsproblematikk.

HIT-høgintensiv trening som terapi er også ein del av korttidstilbodet ved gruppeseksjonen

Kven søkjer vi?
Vi søkjer ein psykiater som kan ha medisinansvar i seksjonen. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett, er allsidig og fleksibel i si tilnærming til behandling, og positiv til å delta i både gruppe- og individualterapi. Søkjaren sin kompetanse, erfaring og interesseområde vil kunne påverke innhaldet i stillinga. På sikt kan det òg vere aktuelt å etablere LIS-stilling i seksjonen.

Fagmiljø og utviklingsmoglegheiter
Seksjonen utgjer eit sentralt fagmiljø i Bergen innan personlegdomsretta og gruppeterapeutiske behandlingsmetodar. Vi deltek i forskingssamarbeid gjennom Nettverk for personlegdomsforstyrringar, eit nasjonalt nettverk for personlegdomsretta behandlingsprogram i Noreg.

Oppstart etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

    Medisinskfagleg ansvar i seksjonenUtgreiing, vurdering og behandling av tilviste pasientarVere behandlar både individuelt og i gruppeIndirekte spesialistansvarDeltaking i den faglege utviklinga av seksjonen

Kvalifikasjonar

    Norsk autorisasjon som legeGodkjend, eller snart godkjend spesialist i vaksenpsykiatriErfaring med pasientgruppaKjennskap til gruppeterapiKjennskap til mentaliseringsbasert terapiForskningskompetanse og ønskje om å støtte opp om eksisterande forskingssamarbeid i nemnde forskingsnettverk vil telje positivt.Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

    Søkjar bør vere i stand til å ta i bruk nye metodar og ha ei open og nysgjerrig haldning til nye utfordringarSøkjar bør vere fleksibel, ha gode samarbeidsevner og vere løysingsorientertPersonlege eigenskapar blir lagt vekt på

Vi tilbyr

    Arbeid i høgt kvalifisert fagmiljø med psykologspesialistar, psykolog, psykiatriske sjukepleiarar, spesialiserte fysioterapeutar og ergoterapeutar, sosionom, erfaringskonsulent, IPS konsulent m.m.Vi har tverrfagleg teamarbeid som i praksis fungerer svært braEit miljø med høg kompetanse innan gruppereapeutiske behandlingsmetodarEngasjerte medarbeiararEit godt arbeidsmiljø og utfordarande arbeidsoppgåver i ein spesiell og spennande seksjonOpplæring blir gitt etter behov

Kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 05. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 05. okt. 2026.

1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 06. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverKDKronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS)/ Kronstad Seksjon for gruppebehandling, Helse Bergen HF1 stilling i databasen