Psykisk helse og rus

ØPØygarden kommune Psykisk helse og rus
RONGVikariat Publisert 13 dager sidenFrist 30. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet62/100Hvordan?
LønnAnslått 43 446 kr – 60 930 kr per måned
HistorikkObservert i 12 dagerFørst observert 02. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 999 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 999 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 269 aktive nå, 32 556 arbeidsgivere og 143 290 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Om avdelinga

Tunet er eit døgnbemanna butilbod for vaksne med samansette utfordringar knytte til rus og psykisk helse. Vi arbeider for å skapa ein trygg, føreseieleg og meiningsfull kvardag for bebuarane våre, med vekt på relasjonsbygging, meistring, medverknad og respekt. Vi tilbyr individuelt tilpassa tenester og arbeider målretta for å styrkja ressursane og moglegheitene til kvar enkelt. Dette krev tett oppfølging, fagleg refleksjon og godt samarbeid både internt og med pårørande og andre samarbeidspartnarar. Vi har ei personalgruppe med høg fagleg kompetanse og relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Vi arbeider tett saman i team og samarbeider med pårørande og andre faginstansar for å gi brukarane trygge og heilskaplege tenester.

Vi ønskjer å vera ein arbeidsplass prega av openheit, engasjement og fagleg utvikling, der medarbeidarane støttar kvarandre og arbeider mot felles mål.

Vi har nå ledig 100% vikariat ved Tunet

Vikariatet er ledig frå 01.01.2027 til 31.10.2027

Stillinga har ei gjennomsnittleg arbeidstid på 35,5 timar per veke over ein periode på 52 veker. Tenestene er utforma med utgangspunkt i brukarane sitt behov for kontinuitet, tryggleik og føreseielegheit.

For tida er arbeidet organisert i døgn-/medleverturnus. Medarbeidarane arbeider i samanhengande arbeidsperiodar på 2 til 3 døgn, etterfølgt av friperiodar. Turnusordninga legg til rette for stabile relasjonar, tett oppfølging og god kontinuitet i tenestene.

Arbeidstidsordninga er etablert for å møta behova i tenesta og kan endrast dersom behova til brukarane eller andre rammevilkår tilseier det.

Arbeidsoppgåver

    Gje oppfølging og miljøterapeutisk bistand til brukarane i tråd med vedtak, mål og individuelle behov, og bidra til meistring, sjølvstende og livskvalitet.Byggja trygge relasjonar og leggja til rette for ein stabil og føreseieleg kvardag.Administrera legemiddel samt dokumentera, evaluera og følgja opp tiltak i elektronisk pasientjournal.Arbeida i tråd med gjeldande lovverk, faglege retningslinjer og vedtekne rutinar.Samarbeida med pårørande og relevante samarbeidspartnarar.Bidra til fagutvikling, kvalitetsarbeid og eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

Må ha

    Bachelor i vernepleie eller sjukepleie med vidareutdanning innan psykisk helse- og rusarbeid.Relevant erfaring frå arbeid innan rus og psykisk helse, med vekt på miljøterapeutisk arbeid, relasjonsbygging og legemiddelbehandling.Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.Førarkort klasse B.

Ønskjelege kvalifikasjonar

    Erfaring frå døgnbemanna tenester.Kunnskap om recovery-orientert arbeid.Kunnskap om traumeinformert praksis.Erfaring med dokumentasjon i elektroniske journalsystem.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

    Er trygg, robust og bevarer ro og fagleg vurderingsevne i krevjande situasjonar.Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid.Er fleksibel, løysingsorientert og tek ansvar.Har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeida tett saman med kollegaar og samarbeidspartnarar.Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling.

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og evna til samarbeid.

Anna

Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Vi tilbyr

    Gode pensjons- og forsikringsordningarEin spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljøMotiverte og kunnskapsrike kollegaerInteressante utfordringarHøve til fagleg og personleg utviklingVi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Kontakt

Avdelingsleiar: Rikke Etim tlf: 488 96 196

[email protected]

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Søk her

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (5 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 02. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 02. okt. 2026.

2 endringer over 9 dager i 5 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 03. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 12. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverØPØygarden kommune Psykisk helse og rus4 stillinger i databasen