Vil du være med og forme framtida i Suldal

SOSuldal kommune Overordna oppvekst
SANDProsjekt Publisert 14 dager sidenFrist 24. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet62/100Hvordan?
LønnAnslått 42 481 kr – 59 253 kr per måned
HistorikkObservert i 13 dagerFørst observert 02. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 149 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 149 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 432 aktive nå, 32 615 arbeidsgivere og 143 721 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vil du bygge framtidas klasserom? Suldal kommune søkjer lærar for fjernundervisningspilot 

Suldal kommune satsar på framtida. Me skal sikra kvalifisert undervisning av høg kvalitet for alle elevane våre, same kva for ein skule i kommunen dei går på. No opprettar me ei 1-årig prosjektstilling med moglegheit for forlenging. Me søkjer deg som brenn for både pedagogikk og teknologi. 

Om oss:  

Suldalsskulane er seks ulike skular - frå mindre bygdeskular til større trinnmiljø - alle med sine eigne kvalitetar. Me jobbar saman mot målet: 

«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»  

 Som vår nye fjernundervisningslærar vil du få ein unik sjanse – og stor fridom – til å forme både korleis denne ordninga skal fungera i praksis, og din eigen arbeidskvardag. Stillinga er tett på skulane og du skal saman med einingsleiarane finne dei gode løysingane. Stillinga vil rapportera direkte til kommunalsjef for oppvekst. 

Du vil bli hovudmotoren i å etablere fjernundervisning mellom skulane våre. Det inneber at du får ansvaret for alt frå å byggje opp den tekniske riggen, til å setje den aller første prøveundervisninga ut i livet. 

Sentrale arbeidsoppgåver 

    Drive fram etableringa av fjernundervisning i kommunen, både teknisk og praktisk. Utvikle, kjøpe inn og setje opp nødvendig utstyr og teknisk «rigg» ute på skulane. Planleggje og gjennomføre prøveundervisning i samarbeid med skulane. Lære opp og rettleie lærarar og anna skulepersonell i bruk av utstyret. Sørge for god kommunikasjon og administrasjon frå deg og ut til einingane. 

Kvalifikasjonar 

    Du er utdanna lærar og har pedagogisk erfaring. Du har vidareutdanning innan IKT eller anna relevant teknisk kompetanse. Du har ei god teknisk og praktisk forståing, og evnar å sjå kva som fungerer i eit klasserom. Det er ein fordel om du disponerer bil og har førarkort klasse B. 

Personlege eigenskapar 

    Du har eit brennande ønske om å jobbe med og utvikle framtidsretta tekniske og pedagogiske løysingar. For å lukkast i denne rolla må du trivast med å gå opp nye stiar. Du er sjølvstendig, initiativrik og har ei sterk gjennomføringsevne. Sidan du vil jobbe tett med både leiing og tilsette ved dei ulike skulane, er det viktig at du har gode samarbeidsevner og kan engasjere dei rundt deg. 

 Me tilbyr 

    Ei nyskapande og spennande stilling. Svært stor fridom til å forme din eigen arbeidskvardag. Gode pensjons- og forsikringsordningar.  

Kraftlaget – kva får du hos oss? 

Arbeidsmiljø 

Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag. 

Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget. 

Utviklingsmoglegheiter 

Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk. 

Bu i Suldal 

Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og prøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar. 

Hjå oss i Suldal kommune får du: 

    Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Engasjerte og dyktige kollegaer Bedriftshelseteneste Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff 

Andre opplysningar: 

    Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste 

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg

Link til søknadsskjema:

Søk her

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 02. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 02. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverSOSuldal kommune Overordna oppvekst7 stillinger i databasen