Me søkjer 100 % fast og inntil 100% vikar som barne- og ungdomsarbeidar

BBBokn kommune Bokn barnehage
BOKNFast Publisert 14 dager sidenFrist 01. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet62/100Hvordan?
LønnAnslått 40 834 kr – 60 348 kr per måned
HistorikkObservert i 13 dagerFørst observert 02. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 138 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 138 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 420 aktive nå, 32 612 arbeidsgivere og 143 687 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Fast / vikariat som Barne- og Ungdomsarbeidar/fagarbeidar i Bokn kommune

Me har inntil 2 stillingar som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar frå og med 01.01.27.

Fast stilling er på 100%, vikariat er inntil 100%.

Bokn kommune har fagarbeidarar som er fleksible og kan veksle mellom skule og barnehage ut frå behov og barnetal.Akkurat no er det behov for å auka bemanninga i barnehagen.

Bokn kommune har som mål å skapa eit trygt og inkluderande samfunn, som er med på å bygge opp robuste samfunnsborgarar, slik at det er kjekt å koma attende til Bokn.

Alle barn fortener ein god start. Barn og unge skal oppleva å læra, leika, utvikla seg og å meistra. Trygge rammer er viktige; trygge barn som trivs, lærer betre. I Bokn kommune skal me ha barnehage og skule som gjev høve til god utvikling for alle barn og unge - uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnadar. Dei må ha vaksne rundt seg som gjev støtte og omsorg, anten dei må ha hjelp til å finna seg ein ven, delta i leik eller læra seg å lesa, skriva og rekna og forstå samfunnet me lever i.

Bokn kommune har ny oppvekstplan.

Barnehagen har utarbeida årsplan og kvalitetsdokument.

Barnehagen og skulen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av bibliotek og kommunehuset. Me har kort veg til sjø, skog og mark og det gjer at me ofte er på tur her.

Barnehagen og skule har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse.

Visjon - Kvardagsglede ute og inne

Bokn barnehage

Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 50 barn, og 14 tilsette.

Bokn skule

Bokn skule er ein 1.-10. skule med 89 elevar.

Kven ser me etter?

Me søkjer ein trygg, varm, utadvent og leiken person som er god på relasjonar med både born og vaksne.

Du er engasjert på borna sine vegne, og opplever arbeid med born som meiningsfylt, viktig og engasjerande. Du må være fleksibel, kunne "ta ting på sparket", gå inn i alle typar oppgåver og delta i dei daglege aktivitetane.

Du er sjølvstendig og strukturert i arbeidet ditt, og du kan både gi og ta i mot rettleiing.

Barnehagen og skulen er mykje ute på tur, og naturen er ein del av vår leikeplass. Du må derfor vere glad i vere ute, og har du eit ekstra engasjement for natur, miljø og berekraft blir me veldig glade.

Kanskje har du nokre skjulte talent eller interesser som du ønsker å bruke i din arbeidsdag? Fortel oss gjerne om desse!

Kompetansekrav

-       godkjend utdanning som fagarbeidar

-       erfaring frå arbeid i barnehage/skule

-       beherske norsk på eit godt nivå, bestått språktest B2

-       beherske digitale verktøy

Som arbeidsgivar kan me tilby

-       lønn etter tariffavtale

-       moglegheit for personleg og fagleg utvikling

-       medlemskap i offentleg pensjonsordning

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillingar"

Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

Søknadsfrist  30.11.26                               Utlyst dato       02.10.26

Kontaktperson

Gina Alvestad, konstituert styrar, [email protected]

Åse Bratthammer, Oppvekstsjef, tlf 95839162, [email protected]

Søk her

Om bedriften

Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 40 barn, og 11 tilsette. Barnehagen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av skule, bibliotek og kommunehuset. Me har kort veg til sjø, skog og mark og det gjer at me ofte er på tur her. Barnehagen tilbyr full kost. Barnehagen har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse. Me er med i eit regionalt nettverk saman med andre kommunar, og tilsette får delta jamleg i nettverk med Karmøybarnehagane. Barnehagen er i startfasen på eit arbeid med inkluderande leikemiljø samstundes som det vert jobba med verdiane i læringsmiljøsenteret sitt program "være saman".

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (5 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 02. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 02. okt. 2026.

2 endringer over 11 dager i 5 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 02. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 14. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverBBBokn kommune Bokn barnehage1 stilling i databasen