Avdelingsleiar yrkesfag

VVOPK-VV - Voss vgs, Vestland fylkeskommune
SKULESTADMOFast Publisert 14 dager sidenFrist 25. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet62/100Hvordan?
LønnAnslått 42 181 kr – 59 155 kr per måned
HistorikkObservert i 13 dagerFørst observert 02. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 145 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 145 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 427 aktive nå, 32 614 arbeidsgivere og 143 699 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vil du vere med og forme framtida og utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?
Voss vidaregåande skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar. Avdelingsleiar deltar i  rektor si leiargruppe og har pedagogisk, personal- og økonomiansvar for avdelinga. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar skal fullføre, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.

Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 450 elevar og om lag 130 tilsette fordelt på fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt opplæring. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har mange ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda vi tilbyr. Ved Voss vgs har vi fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv.
Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar

    har personalansvar og økonomi- og budsjettansvar for avdelinga sørgjer for god fagleg-pedagogisk utvikling og god kvalitet på undervisninga på avdelingaivaretar samarbeid med arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartarutviklar avdelinga i samsvar med mål og visjon for skulendeltar i utviklinga av skulen og profesjonsfellesskapet saman med leiargruppa

Kvalifikasjonar

Du har

    undervisningskompetanse i fag for vidaregåande skulegod kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaringgod skriftleg og munnleg framstillingsevne og god digital kompetanseerfaring med administrative program innanfor t.d. skuleårsplanlegging og økonomistyring

Det er ønskjeleg at du har skuleleiarutdanning og/eller -erfaring

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein leiar som

    er open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande  har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokuserttrivst med varierte arbeidsoppgåver og eit høgt tempo

Vi tilbyr

    eit profesjonsfellesskap med høg fagleg kompetanse og sterkt elevfokusløn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
    fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar 

Kontaktinformasjon

[email protected]

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (5 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 02. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 02. okt. 2026.

2 endringer over 12 dager i 5 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 02. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 14. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverVVOPK-VV - Voss vgs, Vestland fylkeskommune2 stillinger i databasen