Kunderådgjevar personmarknad
LSLuster SparebankDatasettet bak annonsen· 74 385 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 74 385 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 863 aktive nå, 33 033 arbeidsgivere og 147 610 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du hjelpe kundane våre med å ta gode økonomiske val og realisere draumane sine?
Luster Sparebank er ein sjølvstendig bank med nærleik til kundane og lokalsamfunnet rundt oss. No vil me styrke laget med ein kunderådgjevar som trivst i møte med menneske, og blir motivert av å finne løysingar som gir økonomisk tryggleik og handlingsrom. Gjennom personleg rådgjeving får du høve til å bygge tillit og langsiktige relasjonar, med både nye og eksisterande kundar.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar på personmarknaden vil du få ansvar for eiga kundeportefølje og tett oppfølging av kundane dine. Du vil mellom anna hjelpe kundar med bustadfinansiering og andre finansieringsbehov, og følgje dei frå første samtale til ferdig løysing.
Me søkjer primært etter ein rådgjevar innan utlån, men hjå oss får du også høve til å arbeide med og utvikle kompetansen din innan sparing og forsikring.
For oss handlar god rådgjeving om meir enn produkt og tal. Me ynskjer å kjenne kundane våre og vere ein rådgjevar dei kan stole på gjennom ulike fasar av livet. Slik kan me bidra til økonomisk tryggleik og hjelpe kundane med å nå måla sine, i tråd med visjonen vår: «Saman når me måla dine!»
Ynskjelege kvalifikasjonar
Me ser etter deg som:
Har relevant høgare utdanning innan økonomi, finans eller tilsvarande
Har god økonomisk forståing og interesse for personleg økonomi
Kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg
Gjerne har erfaring med finansiering eller kunderådgjeving
Gjerne har relevante autorisasjonar frå Finaut
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar er viktige for oss. Me ser etter deg som er initiativrik, løysingsorientert og tillitsskapande. Du tek ansvar for kundane dine, samstundes som du likar å samarbeide med andre og bidreg positivt til laget og arbeidsmiljøet.
Me kan tilby
Ei sentral rolle i ein sjølvstendig sparebank
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med stor kundekontakt
Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og godt samhald
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Konkurransedyktige vilkår, fleksitid og gode velferdsordningar
Bli med på å utvikle Luster Sparebank vidare, der gode løysingar og service til kundane står i fokus!
Om bedriften
Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo. Banken skal vere ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar i tråd med visjonen - «Saman når me måla dine!».
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 02. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 06. okt. 2026.
2 endringer i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 02. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
- 02. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.