100% fast stilling som oppmålingsingeniør
BPBjørnafjorden kommune PlaneiningaDatasettet bak annonsen· 73 130 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 130 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 412 aktive nå, 32 610 arbeidsgivere og 143 666 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som viser seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
I Bjørnafjorden kommune ønsker vi å vere framoverlente og effektive for å levere heilskaplege og innovative tenester innanfor dei tekniske tenestene i kommunen, med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Sektor for samfunnsutvikling har ansvar for plan, byggesak, oppmåling, landbruk, næring, innbyggarservice, kultur, samferdsle og VA, eigedom drift og prosjekt.
På kart- og oppmålingsavdelinga er det ledig fast stilling som oppmålingsingeniør frå januar 2027.
Arbeidsstad
Arbeidsstad er på rådhuset Osøyro
Oppmålingsforretningar etter matrikkellova og anna oppmålingsarbeid
Rettleiing av kundar
Høgskuleutdanning med eigedoms- og landmålingsfag
Erfaring med bruk av GPS, totalstasjon og relevant geodatafagleg programvare
Erfaring frå kommunal oppmåling er ei føremon, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søke.
Autorisert landmålar eller utdanning som kvalifiserer til å søkje om autorisasjon.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Du arbeidar sjølvstendig, men har også gode samarbeidsevner
Du er strukturert, nøyaktig og har evne til å arbeida effektivt i ein travel kvardag
Du må like kombinasjonen av å arbeida ute og inne
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Varierte arbeidsoppgåver i alt frå tettbygde til landlege strøk.
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande avtaler.
Tenestebil
Fleksibel arbeidstid
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 01. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 01. okt. 2026.
1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 02. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.