Skogsvåg skule
ØSØygarden kommune Skogsvåg skuleDatasettet bak annonsen· 73 041 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 041 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 336 aktive nå, 32 572 arbeidsgivere og 143 457 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Er du nyutdanna fagarbeidar og ønskjer fast jobb? Har du jobba som vikar i skule/SFO og ønskjer noko fast å gå til? Dette er ein sjeldan moglegheit. Vi søker 1 fast stilling på Skogsvåg skule som vert tilknytt SFO frå skuleåret 26-27. Du skal jobbe 39% fast gjennom skuleåret i SFO, mens 11% av stillinga vert direkte knytt opp til ferie-SFO med full arbeidsdag. Du vil få ei nøkkelrolle inn mot ferie-SFO og vere med å bidra til høg kvalitet med variert tilbod for dei barna som nyttar ferie-SFO. Skogsvåg skule treng alltid vikarar i skuletid, og det vil vere gode moglegheiter arbeid utover stillingsprosent.
Om avdelinga
Like sør for Skogsskiftet ligg Skogsvåg skule. Frå skulen er det om lag 15 minutt køyring til Straume. Skulen ligg i flott natur med kort veg til toppen av Storaskjenet og til sjøen i Kvalvågen.
Skogsvåg skule har rike tradisjonar og historikk knytt til song og musikk, til kystkultur og til det som rører seg i lokalmiljøet. Skulens visjon er; «Hand i hand løfter vi kvarandre fram» Dette er ord som betyr mykje for dei tilsette og dette skal vise seg i arbeidet med relasjonane mellom vaksne og barn. Heile personalet jobbar aktivt med «VI-skulen», felles praksis og at alle elevane ved skulen er våre elevar. Skulen er ein godkjent dysleksivenleg skule og jobbar systematisk med utviklingsarbeid knytt lesing. Skuleåret 2025/26 starta vi med eit nytt utviklingsarbeid «TRYGG», der heile skulen arbeider med felles mål og tema.
På SFO er det i overkant 100 barn, og frå skuleåret 26-27 skal Skogsvåg tilby ferie-SFO. SFO jobbar etter den nasjonale rammeplanen for SFO, men utviklingsarbeidet går hand i hand med skule. Det vert lagt vekt på høg kompetanse, sjølvstendigheit og engasjement blant fagarbeidarane. Det er ofte fagarbeidarane i skule og SFO som kjem nærast elevane, og mange arbeidar tett på barn med særskilte behov. SFO er delt i aldersblanda grupper der 1.og 2.trinn er saman og 3. og 4.trinn. Det er faste tilbod gjennom veka og SFO har eit eiga årshjul som tek føre seg ulike aktivitetar. Samstundes med dette er det utviklingstid kvar veke, og fagarbeidarane som og jobbar i skule har faste samarbeidsmøte kvar veke med lærarane. Frå SFO-året 26-27 skal gruppeleiarane for kvar SFO-gruppe ha faste oppstartsmøter med SFO-leiar. Dette er ei satsing på SFO, som skal gje ein betre overgang og start på SFO. Vi trur på at god kvalitet på morgonen og ettermiddagen gjer betre læring gjennom skuledagen. Vi har eit mål om å sjå heilheita i skuledagen, og derfor skal vi jobbe hand i hand mellom skule og SFO.
Inneverande skuleår har vi 240 elevar. Administrasjonen består av rektor, avdelingsleiar på 1.-4.trinn, avdelingsleiar på 5.-7.trinn, SFO-leiar og merkantil.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Må ha
Ønskjeleg med
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Kontakt
Kontaktperson: Ingrid Bildøy Hestad
Stillingstittel: Rektor
Telefon: 92086075
E-post: [email protected]
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 01. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 01. okt. 2026.
1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 02. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.