Driftsansvarleg reinhald

AKAlver kommune
ISDALSTØFast Publisert 15 dager sidenFrist 01. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet62/100Hvordan?
LønnAnslått 42 181 kr – 59 155 kr per måned
HistorikkObservert i 15 dagerFørst observert 30. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 865 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 865 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 147 aktive nå, 32 497 arbeidsgivere og 143 007 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Om stillinga

Me søkjer etter deg som er engasjert, serviceinnstilt og fagleg interessert i reinhald, og søkjer etter ein driftsansvarleg til reinhaldsavdelinga vår. Du vil inngå i eit team med 2 andre driftsansvarlege som deler den daglege drifta og vil ha ansvar for eigen portefølje.  Du må og rekna med noko arbeid i drift. Det er ei fordeling i stillinga med 50% reinhald og 50% administrativt.

Me har ein spennande og variert arbeidskvardag, både administrative og operative oppgåver knytte til reinhald, og me har eit arbeidsmiljø som er godt og inkluderande. Du vil vera ein nøkkelperson i organisasjonen, og bidra til å sikra god drift og motiverte medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver inkluderer blant anna å samarbeida tett med avdelingsleiar og andre i organisasjonen. Stillinga har ikkje personalansvar men oppfølgingsansvar, sørgja for at tilsette følgjer instruksar og rutinar, sikre kvalitet og stabilitet i leveransane våre.

Normalarbeidstida er kl. 06:30 - 14:00. Arbeidsgivar stiller med arbeids bil, og det er viktig at du trivst med å køyra bil heile året rundt på ulik veg- og føreforhold.

Send inn ein søknad og bli den nye kollegaen vår!

Om reinhaldsavdelinga

Reinhaldsavdelinga er bemanna med ca. 70 tilsette og har 3 ansvarsområder som vert koordinert av kvar sin driftsansvarleg. Reinhald er organisert som avdeling i tenesteområde drift- og vedlikehald, og arbeidsområdet vårt er heile den vidstrakte kommunen.

Avdelinga driftar 5 vaskeri ved institusjonar, og alt reinhaldsareal ved dei forskjellige bygga kommunen disponerar. I tillegg bistår vi ved ned- og utvask av kommunale bustader.

Arbeidsoppgåver

    Bidra til HMS arbeid ved avdelingaKnytt til dagleg planlegging og oppfølging av drift og vedlikehaldsoppgåver Operativ styring av tildelte oppgåvene i kvardagenBidra til at drifta skjer i tråd med gjeldande rutinar Sikre at nytilsette og vikarar får opplæring Delta i utviklingsarbeid for avdelingaMelde behov for kompetanseheving Melde behov for utstyr , hjelpemidlar og inventarMelde behov for forbruksmateriellBidra til kvalitetssikring, kontinuitet og god flyt i tenesteytinga

Kvalifikasjonskrav

    Fagbrev som reinhaldsoperatør, alternativt dokumentert pågående utdanning innan fagområdet eller erfaring frå profesjonelt reinhaldRelevant erfaring innan leiing, gjerne frå reinhaldsfaget eller anna operativ verksemdErfaring med personaloppfølging og koordinering av dagleg driftGrunnleggende IT-kompetanseFørerkort BGode norskkunnskapar,  munnleg og skriftleg

Kven er du?

    Du er fleksibel, påliteleg og effektivHar gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tidEr trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheitHar gode kommunikasjonsevner Du har gode norsk språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg Du blir motivert av å yta service og skapa gode serviceopplevingarDu er sjølvstendig, men liker også å arbeida i teamDu er lærevillig og positiv til nye utfordringarDu har eit godt humør som bidrar til et hyggjeleg arbeidsmiljø

Me tilbyr

    Oppfølging og rettleiingErfarne kollegaer og eit trygt og godt arbeidsmiljøGode forsikrings- og pensjonsordning i KLPTilsetjing og løn i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring!

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet og organisasjonen. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!Video:

https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest

I tråd med opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19  vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 30. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 30. sep. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverAKAlver kommune37 stillinger i databasen