Vi søkjer barnehagelærar til Hildre Montessoribarnehage
HMHildre Montessoribarnehage AsDatasettet bak annonsen· 72 909 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 909 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 219 aktive nå, 32 515 arbeidsgivere og 143 140 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Erfaring frå barnehage
Interesse for eller nysgjerrigheit på montessoripedagogikk
Gode digitale ferdigheiter
Gyldig politiattest må leverast før oppstart
Personlege eigenskapar
Du er varm, trygg og god på relasjonar
Du er fleksibel, løysingsorientert og engasjert -- og trivst i ein barnehage i utvikling
Du er open, inkluderande og skapar tillit i møte med barn, foreldre og kollegaer
Du kommuniserer godt
Du er leiken, aktiv og likar å bruke naturen i arbeidet
Du bidreg til eit positivt, profesjonelt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagde.
Arbeidsoppgaver
Arbeide med barn 0--6 år i tråd med barnehagelova, rammeplanen og montessoripedagogikken
Vere ein aktiv, leiken og observant vaksen som støttar kvart enkelt barn
Skape ein trygg og god barnehagedag gjennom varme, leik og tydelegheit
Planleggje og gjennomføre aktivitetar i det montessoriforbredte miljøet
Bidra til gode lærings- og sosialmiljø i barnegruppa
Samarbeide med kollegaer og bidra positivt i det daglege arbeidet
Ha godt foreldresamarbeid og kommunisere tydeleg og respektfullt
Følgje barnehagen sine rutinar, rettleiing og HMS‑prosedyrar
Vi tilbyr
100 % vikariat frå 1. november 2026 som barnehagelærar i eit lite og trygt miljø
Lønn etter gjeldande tariff og gode pensjonsordningar
Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Engasjerte og positive kollegaer, føresette og barnehageeigarar
Naturnære omgjevnader, med fine turområde og små barnegrupper
Høve til å bli del av eit større montessorimiljø
Det krevst godkjend politiattest før oppstart.
Om bedriften
Hildre Montessoribarnehage opna 1. august 2024 og er ein liten og trygg barnehage med to avdelingar for barn 0-6 år. Vi byggjer praksisen vår på montessoripedagogikken sitt syn på barn som nysgjerrige, kompetente og sjølvstendige, og skaper eit miljø der barna blir sett, får tid og utviklar sjølvstende i trygge rammer. Barnehagen ligg i vakre naturomgjevnader, og naturen er ein viktig del av kvardagen vår. Hildre er eit montessorinærmiljø i vekst, med både barnehage og skule i same bygg. Saman tilbyr vi eit heilskapleg 0-16 års montessoriløp for familiar som ønskjer kontinuitet, tryggleik og eit pedagogisk fellesskap der barna blir sett og følgt gjennom heile oppveksten.
Sektor
Privat
Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 30. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 01. okt. 2026.
1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.
- 01. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
- Lokasjon endretHARAMHILDRE
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.