Vil du vere bindeleddet som får tenestene til å henge saman?

OMLærdal kommune Bu- og miljøtenesta
LÆRDALFast Publisert 17 dager sidenFrist 20. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet62/100Hvordan?
LønnAnslått 42 005 kr – 56 401 kr per måned
HistorikkObservert i 16 dagerFørst observert 29. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 090 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 090 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 353 aktive nå, 32 599 arbeidsgivere og 143 552 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen
I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.Me søkjer no etter koordinator for personar med funksjonsnedsetjing i 100 % fast stilling.
Bu- og miljøtenesta yter heildøgns omsorg og tenester til personar med funksjonsnedsetjing, psykiske lidingar og/eller rusutfordringar. Tenestene vert tilpassa den einskilde sine behov og vert gitt i heimen, på arbeidsplassen og i fritida. Målet er å fremje meistring, sjølvstende og deltaking i kvardagslivet.
Me ser etter deg som:
    trivst med å jobbe sjølvstendighar gode samarbeidsevnerarbeidar målretta, systematisk og strukturerthar gode norskkunnkaper og god skriftleg framstillingsevne

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga:

    leiar for koordinerande einingkoordinatoransvar for born, vaksne og eldre personar med funksjonsnedsetjing. Delta i ansvarsgrupper knytt til den einskilde brukarsamarbeid med ulike tenester og spesialisthelsetenestaansvarleg for brukarstyrt personleg assistent (BPA), avlastning og omsorgslønsuperbrukar i Visma Samspillvidareutvikling av tenesta og prosjektarbeid

Krav til utdanning og kompetanse:

    3 årig høgskuleutdanning innan helse og sosialfagkunnskap om relevant lovverkgod digital kompetanse

Me tilbyr:

    løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS kap. 4gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLPgode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdeteit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaergode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

    full barnehagedekninggratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassegratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrumeit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.

Søk her

Om bedriften

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 29. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 29. sep. 2026.

1 endring over 5 dager i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 05. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverOMLærdal kommune Bu- og miljøtenesta2 stillinger i databasen