Tenesteleiar for helsestasjonen i Sogndal
SHSogndal kommune HelsestasjonDatasettet bak annonsen· 74 385 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 74 385 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 863 aktive nå, 33 033 arbeidsgivere og 147 610 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du vere med og forme framtida for barn og unge i Sogndal?
Gode oppvekstvilkår vert skapte når barn og unge opplever meistring, tilhøyrsle og tryggleik, og får støtta dei treng når dei treng det. I Sogndal kommune arbeider me kvar dag for å gje gode og likeverdige tenester som fremjar psykisk og fysisk helse og førebyggjer utanforskap.
No søkjer me leiar for helsestasjonen. Du får ansvar for å leie og vidareutvikle ei sentral teneste i det førebyggjande og helsefremjande arbeidet for barn og unge, samstundes som du får ei viktig rolle i utviklinga av oppvekstsektoren i kommunen.
Du vert ein del av eit tverrfagleg leiarteam som saman arbeider for å gje best mogleg oppvekstvilkår for barn og unge. Gjennom samspel, felles ansvar og deling av kompetanse skal me utvikle heilskaplege og inkluderande tenester som er tilpassa behova til barn, unge og familiar.
Sogndal kommune har ambisjonar om å vere blant dei beste kommunane i landet på oppvekst. Me ser difor etter ein leiar som ønskjer å utvikle helsestasjonstenestene spesielt og oppvekstsektoren generelt.
Hjå oss møter du dyktige medarbeidarar, sterke fagmiljø og ei kommuneleiing med høge ambisjonar på vegner av barn og unge.
Arbeidsoppgåver
Som leiar for helsestasjonen skal du:
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har:
Det er ønskjeleg at du har anten mastergrad innan helsefag eller leiing, eller erfaring med leiing og utviklingsarbeid.
Kven ser me etter?
Me ser etter ein leiar som samarbeider og kommuniserer godt, byggjer tillit og skaper gode relasjonar. Du har fagleg engasjement og utviklingsvilje, og arbeider systematisk og målretta med utvikling og kvalitetsforbetring.
Du må evne å organisere, prioritere og gjennomføre naudsynte endringar. Du har erfaring med og forståing for tverrfagleg arbeid, tidleg innsats, førebyggjande arbeid og helsefremjande arbeid for barn og unge. Som leiar skal du òg kunne motivere medarbeidarar og bidra til å utvikle sterke fagmiljø.
Me tilbyr
fleksibel arbeidstid
Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med kr. 25.000 i året kan vere aktuell for deg som har bustadadresse og er yrkesaktiv i Sogndal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.
Mangfald og inkludering
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom du har bede om unntak, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsehistorikk (5 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 29. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 29. sep. 2026.
2 endringer over 17 dager i 5 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 30. sep. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
- 16. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.