HR-sjef

LDLL DET NORSKE TEATRET
OSLOFast Publisert 20 dager sidenFrist 20. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet62/100Hvordan?
LønnAnslått 51 096 kr – 69 260 kr per måned
HistorikkObservert i 20 dagerFørst observert 25. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 087 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 785 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

HR-sjef ved Det Norske Teatret

Det Norske Teatret etablerer no ei eiga HR-avdeling, og søkjer ein HR-sjef som vil vere med og forme framtidas teaterorganisasjon.

Vi vil vere eit internasjonalt teater i toppklasse, og vi vil ta ei leiande rolle i å endre måten teater blir laga på: kven som lagar det, kven det er for, og korleis det blir definert.

For å lukkast må vi vere ein arbeidsplass der ulike stemmer, perspektiv og erfaringar får rom til å utvikle seg. Som HR-sjef får du ei nøkkelrolle i å vidareutvikle organisasjonen vår og sikre at menneska i huset har dei beste føresetnadene for å skape teater av høgste kvalitet.

Om stillinga

Som HR-sjef får du eigarskap til HR-området på strategisk nivå. Du skal utvikle og sikre gode rammer og prioriteringar for mellom anna rekruttering, arbeidsmiljø, kompetanse, partssamarbeid og organisasjonsutvikling.

Det Norske Teatret har om lag 240 fast tilsette, og i tillegg er kring 200 gjestande kunstnarar og medarbeidarar innom huset kvart år. Vi er ein samansett organisasjon med sterke fagmiljø, tariffbunden drift og eit kunstnarleg tempo som stiller høge krav til god personalleiing.

Eit viktig oppdrag er å omsetje ambisjonane våre om fleirstemmigheit og mangfald til god personalpolitikk og gode arbeidsprosessar. Du skal vere ei drivkraft for at måla våre blir følgde opp i heile organisasjonen, og bidra til eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø der ulike medarbeidarar kan utvikle seg og lukkast.

Du rapporterer til direktøren, inngår i leiargruppa og har personalansvar for éin medarbeidar. Med ei lita avdeling er det ei forventing om at du også er operativ og tek del i den daglege drifta.

Ei viktig oppgåve blir å støtte teatersjefen i personaloppfølginga av den kunstnarlege sida av huset, der mange medarbeidarar rapporterer direkte til teatersjefen. Som HR-sjef får du eit særleg ansvar for ensemblet og den kunstnarlege sida av verksemda, medan HR-rådgjevaren har hovudansvaret for tekniske og administrative avdelingar.

Rolla handlar om å byggje bru mellom kunstnarleg ambisjon og arbeidsgjevaransvar. Eit teater som ønskjer å gi plass til nye stemmer på scenen, må òg vere ein arbeidsplass der folk med ulik bakgrunn, ulike perspektiv og ulike føresetnader kan gjere godt arbeid over tid.

Vi ser etter deg som har

    Relevant høgare utdanning. Brei og dokumentert erfaring kan kompensere for formell utdanningErfaring med strategisk og operativt HR-arbeid i større eller samansette organisasjonarErfaring med organisasjonsutvikling, endringsprosessar og kulturbygging, og kan vise til resultat frå dette arbeidet.Solid arbeidsrettsleg kompetanse og erfaring med personalsaker, varsling og konflikthandteringGod skriftleg og munnleg framstillingsevne. Arbeidsspråket på Det Norske Teatret er nynorsk.

Personlege eigenskapar

Vi trur du vil lukkast i rolla dersom du:

    er trygg , tydeleg og skaper tillitsamarbeider godt og evner å balansere ulike interesser og perspektiver lyttande, relasjonssterk og god til å handtere krevjande situasjonarkombinerer strategisk forståing med gjennomføringsevneer nysgjerrig på og har respekt for ulike fagmiljø og arbeidsformer

Mangfald i praksis

Fleirstemmigheit og mangfald er ein sentral del av strategien til teateret og av kulturen vår som arbeidsplass – vi er forplikta til å vere ein organisasjon for alle.

For HR-sjefen vil difor arbeidet med mangfald, inkludering og tilhøyrsle vere ein viktig del av oppdraget, og dette er noko vi kjem til å snakke grundig om i intervjuet.

Vi oppmodar særleg deg som kan utvide perspektiva våre gjennom din eigen bakgrunn, dine erfaringar eller din veg inn i arbeidslivet, til å søkje.

Vi tilbyr

    Ei spennande leiarstilling med reell påverknad, i leiargruppa til ein av dei viktigaste kulturinstitusjonane i landet. Moglegheita til å byggje opp og vidareutvikle HR-funksjonen ved Det Norske Teatret. 

    Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar.

    Eit arbeidsmiljø med høg kompetanse, sterk fagleg identitet og eit levande kunstnarleg miljø.

Arbeidsstad er sentralt i Oslo.

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 25. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 25. sep. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverLDLL DET NORSKE TEATRET1 stilling i databasen