Helsefagarbeidar

HMHerøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B
GURSKØYFast Publisert 21 dager sidenFrist 28. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet57/100Hvordan?
LønnAnslått 42 819 kr – 61 033 kr per måned
HistorikkObservert i 21 dagerFørst observert 24. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 087 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 785 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Ønsker du å bidra til ein trygg kvardag for personar med demens? Vi har ledig ei 80 prosents fast stilling som helsefagarbeidar ved Myrvåg omsorssenter, seksjon B. Her arbeider vi særskilt med individtilpassa miljøarbeid.

Arbeidstida er organisert i todelt turnus, med arbeid kvar fjerde helg med 12,5 timers vakter på helg. Stillinga er ledig frå 01.12.2026.

Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring:

seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald

Arbeidsoppgåver

    pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheimindividtilpassa miljøarbeidutarbeide og fylgje opp tiltaksplanardokumentasjon etter gjeldande lovverkrettleie og samarbeide med anna helsepersonellrettleie og samarbeide med pårørandebidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

    har norsk autorisasjon som helsefagarbeidarhar vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordelkan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordelhar god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

    tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måtetilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagenkommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaerer til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfulltkan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjoneltmøter brukarar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonarhar vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobbenbidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåverlikar faglege utfordringar der arbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande har fokus på heilskapleg pasientforløp

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

    løn etter gjeldande tariffavtale
    gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
    fagdag i turnus
    stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorggodt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanseelektroniske kurs gjennom Glup og Visma VeilederenIA-bedrift 

Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av  gjeldande tariffavtale, lover og reglement.  Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (6 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 24. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 24. sep. 2026.

2 endringer over 20 dager i 6 øyeblikksbilder.

1 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 25. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 14. okt. 2026
    • Frist endret14. okt. 202628. okt. 2026

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverHMHerøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B4 stillinger i databasen