Lærarstillingar - vikariat

OGOppvekst, Gloppen kommune
SANDANEVikariat Publisert 22 dager sidenFrist 15. okt. 2026Siste dag å søke!
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet82/100Hvordan?
Lønn76 109 kr
HistorikkObservert i 21 dagerFørst observert 24. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 393 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 393 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 640 aktive nå, 32 720 arbeidsgivere og 144 312 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vi treng vikarar i skulane våre. Det gjeld både tilkallingsvikariat og lenger oppdrag. Vi treng deg som har pedagogisk kompetanse til å vere vikar i skulane våre. Om du har eit anna yrke no, som lar seg kombinere med lærarjobb framover, så ta kontakt og søk. Fast stilling kan verte vurdert. 


Dei konkrete behova no er:
Sandane skule - vikariat 100% stilling, inntil 3 månader frå slutten av november. Grunnskulelærarkompetanse er ynskjeleg. 

Gloppen ungdomsskule - vikariat inntil 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Ynskjelege fag er norsk, matematikk, kroppsøving, tysk, kunst og handverk og naturfag.  
Breim skule - vikariat 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Fordel med erfaring frå 1.-4. klasse og kompetanse i lese- og skriveopplæring og engelsk
Nordstranda skule - vikariat 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Ynskjeleg med faga matematikk, kroppsøving og spes.ped. Kontaktlærar. 


Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og grunnskuleopplæring for vaksne. Skulane jobbar tett i lag med å skape Gloppenskulen med fokus på fagleg utvikling og eit godt og inkluderande skulemiljø. Kommunen nyttar samhandlingsmodellen Betre Tverrrfagleg insats (BTI) og  prioriterar inkluderande barnehage- og skulemiljø. Administrasjonsmålet er nynorsk.

Arbeidsoppgåver

    undervisning i grunnskulenaktuelt med kontaktlærar for nokre av stillingane

    Kvalifikasjonar

      pedagogisk kompetanse, men andre kan bli vurderte
      gjerne undervisningserfaringspesialpedagogisk kompetansekompetanse eller erfaring innan miljøarbeidgod kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål

    Personlege eigenskapar

    gode personlege eigenskapar som samarbeidsevne, relasjonskompetanse, systematisk, inkluderande klasseleiing og bidrag til eit godt arbeidsmiljø.

    Vi tilbyr

      Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksisVariert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
      Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

    Det må foreligge tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

    Kontaktinformasjon

    Arbeidsstad

    Nøkkelinformasjon

    Om bedriften

    Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
    Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
    Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

    Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

    Først observert av fakt: 24. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 24. sep. 2026.

    1 endring over 15 dager i 3 øyeblikksbilder.

    Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

    • 10. okt. 2026
      • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

    Arbeidsgiverens aktivitet over tid

    Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

    ArbeidsgiverOGOppvekst, Gloppen kommune2 stillinger i databasen