Systemansvarleg – IKT og helsedata

TDAvdeling for teknologi og dataflyt, Klinikk for medisinske tenester og beredskap
HAUGESUNDFast Publisert 22 dager sidenFrist 21. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet57/100Hvordan?
LønnAnslått 45 658 kr – 66 490 kr per måned
HistorikkObservert i 22 dagerFørst observert 23. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 912 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 912 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 222 aktive nå, 32 516 arbeidsgivere og 143 143 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vil du vere med og utvikle korleis teknologi og helsedata blir brukte i morgondagens helseteneste?

Helse Fonna har etablert ei ny og spennande avdeling for Teknologi og dataflyt, og vi søkjer no ein dyktig og engasjert systemansvarleg til eininga IKT og helsedata.

Hos oss får du ei sentral rolle i å sikre at systema våre fungerer godt, blir vidareutvikla og støttar behova i ei moderne helseteneste. Du vil arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, fag og menneske – og bidra til at dei tilsette har gode digitale verktøy, og at helsedata kan brukast på ein trygg og effektiv måte.

Ei ny avdeling – med store moglegheiter

Teknologi og dataflyt er ei nyoppretta avdeling med ansvar for viktige område innan teknologi, medisinsk-teknisk utstyr, helsedata og dataflyt.

Eininga IKT og helsedata har eit særleg ansvar for å forvalte og vidareutvikle system og løysingar som handterer helsedata. Vi samarbeider tett med fagmiljøa i Helse Fonna, Helse Vest IKT og andre samarbeidspartnarar i helsetenesta.

Vi er i ein fase der både arbeidsformer, teknologi og organisering er under utvikling. Det betyr at du får høve til å påverke korleis vi arbeider – ikkje berre forvalte det som allereie finst.

Kva går jobben ut på?

Stillingstittelen vil vere konsulent, men som systemansvarleg vil du ha eit heilskapleg ansvar for eitt eller fleire system og vere eit viktig bindeledd mellom verksemda, brukarane og teknologimiljøa.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna kunne vere:

    ha det operative og koordinerande ansvaret for forvaltning av tildelte system
    følgje opp funksjonalitet, livsløp, kvalitet og vidareutvikling av systema
    samarbeide tett med fagmiljø og brukarar for å forstå behov og omsetje desse til gode digitale løysingar
    koordinere endringar, oppgraderingar og nye versjonar
    følgje opp leverandørar, særleg Helse Vest IKT
    bidra i prosjekt og forbetringsarbeidgi brukarstøtte og opplæringbidra til god dokumentasjon, gode rutinar og internkontroll
    identifisere og følgje opp risiko, avvik og forbetringsmoglegheiter
    bidra til at systema tek vare på krav til informasjonstryggleik, personvern og tilgjengelegheit
    delta i utviklinga av korleis Helse Fonna kan utnytte helsedata og teknologi på ein betre måte

Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du har interesse for teknologi, systemforvaltning og korleis digitale løysingar kan skape verdi i helsetenesta.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må:

    ha relevant høgare utdanning kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Det er ein fordel om du har:

    erfaring med forvaltning og vidareutvikling av fagsystem
    god teknologiforståing og evne til å setje deg raskt inn i nye system og løysingar
    erfaring med leverandøroppfølging, endringshandtering og koordineringerfaring frå prosjekt- eller forbetringsarbeidforståing for samspelet mellom teknologi, arbeidsprosessar og behova i verksemda
    kjennskap til informasjonstryggleik, personvern og krav til trygg behandling av helsedataerfaring frå helsesektoren

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som likar å ha oversikt, ta ansvar og få ting til å skje. Du trivst med å samarbeide på tvers av fagmiljø og evnar å sjå både heilskapen og dei viktige detaljane.

Vi trur du vil trivast hos oss dersom du:

    er strukturert, sjølvstendig og tek ansvar for å drive oppgåver framoversamarbeider godt og kommuniserer tydeleg med både tekniske og ikkje-tekniske miljøer nysgjerrig, løysingsorientert og ser moglegheiter for forbetring
    trivst med endring og ønskjer å bidra til å utvikle både arbeidsmåtar og løysingar.

    Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

    Vi tilbyr

      ei sentral rolle i ei nyoppretta avdeling med store utviklingsmoglegheiter
      høve til å påverke korleis vi skal arbeide med teknologi og helsedata framover
      varierte oppgåver i skjeringspunktet mellom teknologi, fag og helseteneste
      samarbeid med dyktige fagmiljø både i Helse Fonna og i Helse Vest IKT
      høve til å delta i spennande utviklings- og digitaliseringsprosjekt
      eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og korte avstandar mellom idé og handling
      ein jobb der det du gjer, faktisk har betydning for pasientar, helsepersonell og helsetenesta.
      fleksibel arbeidstidgode pensjons- og forsikringsordningar 

     Vil du vere med og byggje opp eit fagmiljø og bidra til at teknologi og helsedata blir brukte smartare i Helse Fonna?

    Då vil vi gjerne høyre frå deg!

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Elin Ulsund Hansen, Konstituert funksjonsleiar

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 1205528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 21.10.2026

    Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

    Først observert av fakt: 23. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 23. sep. 2026.

    1 endring over 1 dager i 4 øyeblikksbilder.

    Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

    • 24. sep. 2026
      • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

    Arbeidsgiverens aktivitet over tid

    Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

    ArbeidsgiverTDAvdeling for teknologi og dataflyt, Klinikk for medisinske tenester og beredskap3 stillinger i databasen