Ultralyd jordmor

FBFØDE, BARSEL OG GYN. POL. VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF
VOLDAVikariat Publisert 25 dager sidenFrist 18. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet57/100Hvordan?
LønnAnslått 45 260 kr – 61 192 kr per måned
HistorikkObservert i 24 dagerFørst observert 21. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 078 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 078 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 341 aktive nå, 32 592 arbeidsgivere og 143 536 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vi har ledig 100 % vikariat som jordmor med ultralydkompetanse, med moglegheit for fast tilsetjing. 30 % av stillinga er tiltenkt ordinært arbeid som jordmor i avdelinga. Dette er ei spennande og allsidig stilling.

Jordmor vil i houvdsak utføre sjølvstendige ultralydundersøkingar med 1. trimester-UL, rutine-UL i 2. trimester og seinare kontrollar av vekst, placenta, doppler etc. Vi har legar med ultralydkomptentanse, som ein vil samarbeide med ved behov. Legar utfører også nokon av dei rutinemessige ultralydane. UL-poliklinikken er lokalisert inne på fødeavdelinga.

Avdelinga vår gir tilbod til gravide, fødande, barselkvinner og gynekologiske pasientar i vårt distrikt.

Seksjonen vår har omlag 450-500 fødslar årleg. Vi selekterer kvinner til fødsel hos oss utifrå gitte kriterier, og samarbeider tett med seksjonen i Ålesund.

Dersom søker har behov for særskilt tilrettelegging mtp. bustad, reise og arbeidstider ønsker vi å gå i dialog vedrørande dette. Vi er også opne for redusert stillingsbrøk ifht utlysinga.

Arbeidsoppgåver

    Arbeid ved ultralydpoliklinikken, med tilbod til gravide om rutinemessig ultralydundersoking. Tidleg ultralyd (veke 11+0-13+6) og ordinær ultralyd (veke 17-19)Pr. d.d. er omlag  30% av stillinga i ordinært arbeid som jordmor ved seksjonen, inkluderer arbeid kvar 3.helgDu vil medverke til å utvikle fagområdet ved sjukehuset

Kvalifikasjonar

    Offentleg godkjent Jordmor, med eittårig ultralydutdanning ved NTNU TrondheimEller annan tilsvarande utdanning, gjerne med tilleggsutdanning i doppler

Personlege eigenskapar

    Du er fagleg interessert og dyktigDu har engasjement for kvinnehelse, med særleg vekt på svangerskap og ultralydDu er fleksibel og har gode samarbeidsevnerDu trivst med ein aktiv og arbeidskrevande kvardagDu vil medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vaktlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

    Ein triveleg arbeidsplass, med mange stabile og gode kollaga Ein leiar som er oppteken av at du skal lukkast, legg til rette for kontakt med fagmiljøet, også utanfor klinikkenEin arbeidsplass der ein får kontinuitet i oppfølging av kvinner gjennom svangerskap, fødsel og barsel Sterkt tverrfagleg samarbeid
    Ein inkluderande arbeidsplass
    Løn etter gjeldande overeinskomstar
    Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset.

Les meir om Volda her

.

Kontaktinformasjon

[email protected]

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (5 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 21. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 21. sep. 2026.

2 endringer over 15 dager i 5 øyeblikksbilder.

1 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 21. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 06. okt. 2026
    • Frist endret04. okt. 202618. okt. 2026

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverFBFØDE, BARSEL OG GYN. POL. VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF1 stilling i databasen