Tilkallingsvikarar ved bu og miljøtenester

AKAurland kommune
AURLANDVikariat Publisert 27 dager siden
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet50/100Hvordan?
LønnAnslått 50 528 kr – 59 934 kr per måned
HistorikkObservert i 27 dagerFørst observert 18. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 087 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 785 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Om stillinga

Vil du gjere ein forskjell? Me treng tilkallingsvikarar i bu og miljø!

Er du engasjert, omsorgsfull, og ynskjer å bidra til ein meiningsfull kvardag for andre? Då kan dette vere jobben for deg!

Om oss

Vi tilbyr tenester til personar med nedsett funksjonsevne gjennom bufellesskap, avlastning og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Tenestemottakarane våre har ulike behov for hjelp i kvardagen, og me jobbar for å sikre at dei er delaktige i eige liv. Målet vårt er å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for kvar enkelt brukar.

Vi ser etter deg som:

    Er omsorgsfull og tolmodigHar godt humør og evne til å skape gode relasjonarKan arbeide fleksibelt, også på kveld, natt, helg med langvakter og døgnvakterEr open for ein gjevande og meiningsfull jobb, til dømes studentar eller andre med ledig tid

Arbeid og ansvarsområde

Avdelinga yter tenester til menneske med utviklingshemming, andre kognitive funksjonsnedsettingar og til personar med rus- og eller psykiske lidingar.

Me gir tenester i omsorgsbustader med heildøgns bemanning, praktisk bistand i heimen til brukarane, eller som brukarstyrt assistanseordningar (BPA i brukar sin heim).

Tenestemottakarane har av ulik grad av behov for bistand i kvardagen. Me jobbar for å legge til rette for at brukaren er delaktig i eige liv i tillegg til å skape ein meiningsfull kvardag for den enkelte.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

    støtte bebuar til ein aktiv og sosial kvardaghjelpe til med daglege gjeremållegge tilrette for ein god og meiningsfull kvardag. 

Me tilbyr

    bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum gode pensjons- og forsikringsordningar løn etter tariff personleg assistent blir løna etter relevant utdanningstartløn etter 6 års ansiennitet for søkarar med fagbrev / høgskuleutdanningekstra laurdags- og søndagstillegg med kr 10 over tariff

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

https://youtu.be/aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

    Fagbrev som helsefagarbeidar eller anna helsefagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. Du kan søke sjølv om du ikkje har relevant erfaring eller fagbrev, det viktigaste er at du har lyst til å jobbe med menneske og er eigna for oppgåvene.Du er ein trygg og positiv person som samarbeider godt med andre, og som bidreg til trivsel og tryggleik for brukarar og kollegaer.

Personlege eigenskapar

Me vil legge vekt på desse personlege eigenskapane:

    imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar trygg på deg sjølv, ansvarsfull og tolmodig fleksibel og løysningsorientert 

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.

Løns- og tilsetjingsvilkår

    tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtalekrav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato

Det ynskjeleg med førarkort klasse B.

Krav til språk

Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg minimum på B2 nivå.  Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 18. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 18. sep. 2026.

2 endringer over 22 dager i 4 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 19. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 10. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverAKAurland kommune2 stillinger i databasen