Ledig stilling i Etne kommune

EEEtne kommune Enge barnehage
ETNEVikariat Publisert 14. sep. 2026Frist 30. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet53/100Hvordan?
LønnAnslått 49 528 kr – 69 236 kr per måned
HistorikkObservert i 31 dagerFørst observert 14. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 888 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 888 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 170 aktive nå, 32 507 arbeidsgivere og 143 034 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vil du vere med å skapa ein trygg, utviklande og inspirerande kvardag for barna våre?

Ved Enge barnehage har me ledig eit vikariat i perioden 01.01.[phone].12.2027

Arbeidsoppgåver

    Planleggja, gjennomføra og vurdera det pedagogiske arbeidet i samsvar med barnehagelova og rammeplanen.Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for barna.Samarbeida tett med foreldre, kollegaer og andre samarbeidspartnararDelta aktivt i barnehagen sitt utviklingsarbeid.Vera ein positiv og engasjert bidragsytar i personalgruppa.

Kvalifikasjonar

    Godkjend utdanning som barnehagelærar.Søkjarar med anna relevant pedagogisk utdanning kan verta vurderte.Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegGyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing

Eigenskapar

    Er engasjert og oppteken av barna si utvikling og trivsel.Er fagleg bevisst og utviklingsorientert.Har gode samarbeidsevner.Er fleksibel, løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar.

Me tilbyr

    Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar.Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.Moglegheit for fagleg utvikling.Løn etter gjeldande tariffavtale.

Annan informasjon

Stillinga er i hovudsak knytt til Naturavdelinga ved Enge barnehage. Naturavdelinga er ein friluftsavdeling som nyttar eigen minibuss tre til fire dagar i veka. Barnegruppa reiser i hovudsak til si faste base på Osnes, der dei får utforska naturen gjennom leik, læring og varierte aktivitetar. Avdelinga gjennomfører også ekspedisjonar til ulike turmål både i og utanfor kommunen.

Som barnehagelærar på Naturavdelinga vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å leggja til rette for gode naturopplevingar, utforsking, fysisk aktivitet og læring i autentiske miljø. Du må trivast ute i all slags vêr, vera glad i friluftsliv og sjå moglegheitene som ligg i naturen som arena for leik og utvikling.

Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å kombinera pedagogisk arbeid med natur- og friluftsliv, og som ser verdien av å gje barn rike opplevingar utanfor barnehagegjerdet.

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med
styrar Torhild Molland på telefon 97980115.

Me ser fram til å høyra frå deg!

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.Link til søknadsskjema:

Søk her

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 14. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 14. sep. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverEEEtne kommune Enge barnehage1 stilling i databasen