Surnadal sjukeheim: Tilkallingsvikarar
SSSurnadal kommune Surnadal sjukeheimDatasettet bak annonsen· 72 909 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 909 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 218 aktive nå, 32 515 arbeidsgivere og 143 137 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
HOS SURNADAL SJUKEHEIM KAN DU FÅ ENGASJEMENT SOM TILKALLINGSVIKAR.
Stillingane er fortrinnsvis på helg, men også i vekedagane.
Kommunen er i kontinuerleg utvikling. Det må difor påreknast at arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisatorisk tilknytning, kan bli endra i samsvar med behova i verksemda.
Om oss
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsatt til ØHD ( Øyeblikkeleg Hjelp Døgnopphald). Nokre av våre ansatte har stillinga si, eller deler av stillinga si i ein Bemanningspool for sjukeheimen.
Studentar eller elevar som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning oppfordras til å søkje.
Skriv gjerne i søknaden om kva utdanning du evt er i gang med.
Ufaglærte kan og søkje.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn tre månadar, skal leggas fram før oppstart i stilling. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi kan tilby:
- opplæring og fagutvikling
- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
- studentavlønning
- kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ønsker:
-at du er interessert i å arbeide med folk
-er lærevillig og pliktoppfyllende.
- har gode kunnskapar i norsk, både muntleg og skriftleg.
- samhandlar godt med andre
Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!
Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheimLink til søknadsskjema:
Søk her
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 11. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 11. sep. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.