Fysioterapeut/spesialfysioterapeut
KFKlinisk fysioterapi og førebygging, Helse FørdeSeksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut/spesialfysioterapeut.
Om stillinga
Ein av våre dyktige spesialfysioterapeutar går over i ei anna stilling i seksjonen, og vi har derfor behov for å styrke teamet vårt. Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot spesialisert rehabilitering, samt arbeidsoppgåver i andre avdelingar ved behov.
Som fysioterapeut vil du vere ein del av eit sterkt tverrfagleg team rundt pasientar som får spesialisert rehabilitering på sjukehuset. Rehabiliteringsavdelinga har åtte sengeplassar. Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje.
Om seksjonen
Klinisk fysioterapi og førebygging er organisert i medisinsk klinikk, under avdeling for fysikalsk medisin og
rehabilitering. Seksjonen har 23 stillingar og gir tenester til
alle somatiske avdelingar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og
Lærdal sjukehus.
Vi har eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar med variert erfaring og kompetanse. Seksjonen har eit tydeleg fokus på fagutvikling, kunnskapsdeling og bruk av nye teknologiske løysingar.
I tillegg til driftsoppgåver og dagleg pasientbehandling er fleire tilsette aktive innan innovasjon, tenesteutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid. Saman arbeider vi for å utvikle moderne, framtidsretta og berekraftige helsetenester til beste for pasientane.
Vi er opptekne av eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og trivsel står sentralt.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Mari Bårdvik, Seksjonsleiar, (+47) [phone]
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 24.09.2026