Psykomotorisk fysioterapeut 100% avtaleheimel

AKAlver kommune
ISDALSTØFast Publisert 14 t sidenFrist 29. sep. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet67/100Hvordan?
Lønnca 50 158 kr – 62 958 kr
HistorikkObservert i 1 dagFørst observert 08. sep. 2026
Om stillingen

Om stillinga

Vi har no ledig 100 % avtaleheimel for fysioterapeut med kompetanse innan psykomotorisk fysioterapi. Driftstilskotet er knytt til Nordhordland fysioterapi AS i Knarvik. Oppstart etter nærare avtale.

Vi vil anslå at pasientlista har lag 20 % born/unge og 80 % vaksne pasientar.

Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å utvikle ein etablert praksis, med pasientgrunnlag og solide faglege rammer!

Om Nordhordland fysioterapi

Nordhordland fysioterapi ligg sentrumsnært i Knarvik, regionsenteret i Alver kommune. Instituttet kan nåast både med ekspressbuss (35min) og hurtigbåt (40 min) frå Bergen sentrum.

Instituttet er organisert som aksjeselskap (AS) og har fem fysioterapeutar med avtaleheimel. Fysioterapeuten som går av har spesialisering innan psykomotorisk fysioterapi, og Alver kommune ønskjer å vidareføre denne viktige kompetansen.

Dei øvrige fysioterapeutane har brei og lang erfaring innan mellom anna allmenn fysioterapi, manuellterapi og behandling av lip- og lymfødem. Instituttet har eit godt fagmiljø med vekt på samarbeid og fagleg utvikling.

Nordhordland fysioterapi er eit av 8 institutt i Alver kommune, med tilsaman 22 privatpraktiserande fysioterapeutar. Avtalefysioterapeutane er ein del av fysioterapitenesta i kommunen, i tillegg til kommunal tilsette fysioterapeutar, ergoterapeutar og hjelpemiddelteknikarar.

Om avtaleheimelen

Som fysioterapeut skal du driva praksis i tråd med overordna mål og strategiar for helsetenesta i Alver kommune, helse- og omsorgstenestelova, samt dei til ei kvar tid gjeldande avtaleverk for fysioterapeutar (ASA 4303 og ASA4313) og eventuelt interne samarbeidsavtalar.

Tildeling av avtaleheimel skjer i samsvar med ASA 4313. Tildeling av avtaleheimel er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Arbeidsoppgåver

    Kartlegging, vurdering og behandling innan psykomotorisk fysioterapiOppfølging av pasientar over tidOppfølging og behandling av pasientar med traumebakgrunnOppfølging av barn og unge Tverrfagleg samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartnararInntaksvurderingar og handtering av ventelisterPlanlegging og gjennomføring av gruppebehandlingBidra i drift av privat praksis, inkludert aktuelle administrative oppgåverBidra til utvikling av praksisen og det samla tenestetilbodet

Kompetansekrav

    Norsk autorisasjon som fysioterapeut Kompetanse og erfaring innan psykomotorisk fysioterapiGode norskkunskapar, munnleg og skriftleg. 

Det er føremon, men ikkje eit krav, at du har:

    Rett til å utløyse takst A9Kompetanse og erfaring innan psykomotorisk behandling av barn og ungeKunnskap og erfaring innan behandling av mennesker med traumelidingarErfaring med tverrfagleg samarbeidInnsikt i inntaks- og prioriteringsarbeid, venteliste og venteliste-reduserande tiltak

Kven er du?

    Du er sjølvstendig og har erfaring som privatpraktiserande fysioterapeutDu har evne og vilje til å bidra aktivt i drift og utvikling av praksisenDu arbeider kunnskapsbasert og held seg fagleg oppdatertDu har god på kommunikasjon og samarbeidar godt med kollegaer og andre samarbeidspartarDu har evnge til å skape tillit, skapar gode relasjonar til pasientane og er trygg i terapeutrollaDu bidreg i arbeidet med utvikling og kontinuerleg forbetring av fysioterapitenesta i Alver kommuneDu er løysningsorientert, fleksiben og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. 

Vurderingar

Ved vurdering av søkjarane vil vi særleg leggje vekt på:

    fagleg tryggleik og klinisk resonnering innan psykomotorisk fysioterapierfaring med kartlegging, vurdering og behandling av aktuelle pasientgruppererfaring med vaksne pasientar med samansette og langvarige utfordringarevne til å tilpasse behandling til ulike pasientar og samansette behovsamarbeidsevne og erfaring med tverrfagleg samhandlingforståing for drift av avtalepraksis, prioritering og ventelistehandteringfagleg engasjement og evne til å bidra til utvikling av tenesta og fagmiljøetgode relasjonelle ferdigheiter, sjølvstende og evne til samarbeid.

Politiattest

I tråd med [helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Vi tilbyr

    Ei meiningsfull rolle med stort fagleg ansvarMoglegheit til å vidareføre og utvikle ein etablert praksisEit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
Psykomotorisk fysioterapeutFysioterapeuter
ArbeidsgiverAKAlver kommune15 stillinger i databasen